Lærer overvåker elever som skriver prøve ved pulter i et lyst klasserom.
Kvart år vert det publisert ei rekkje studiar som dokumenterer kva som verkar for læring. Men kva hjelper det om om denne kunnskapen aldri når ut i klasserommet og kjem elevar og lærarar til gode, spør innsendaren.

Det er ikkje nok å vite korleis elevar kan lære meir eller betre

KRONIKK: Forskarar lukkas med ein undervisningsmetode som skal styrke lese- eller matematikkopplæringa.  Dei dokumenterer effektane i eit prestisjefylt vitskapleg tidsskrift. Kva skjer så? I dei fleste tilfella: svært lite.

Publisert

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Nærast alle politikarar vil ha meir av «det som verkar» inn i skulen. Ingenting er meir gledeleg. Vi treng meir evidensbasert undervisning. Mange av undervisningsmetodane og tiltaka som vert nytta har i beste fall ukjent effekt. Men det er ikkje så enkelt å ta i bruk utprøvde metodar.

Tiltaket verka i studien. Så forsvann effekten

Tenk deg at forskarar utviklar ein undervisningsmetode som skal styrke lese- eller matematikkopplæringa. Tiltaket vert prøvd ut i ein randomisert kontrollert studie.

Resultata dokumenterer at elevane som får tiltaket, lærer meir enn elevar som får den vanlege undervisninga. Metoden verkar! Forskarane dokumenterer effektane i ein artikkel i eit prestisjefylt vitskapleg tidsskrift.

Dette er ikkje dommedagsprofetiar.

Kva skjer så? I dei fleste tilfella: svært lite.

Metoden vert kanskje spreidd i stor skala utan støtta og oppfølginga som må til for å oppnå dei same resultata som i den strengt kontrollerte studien. Etter ei tid slår lærarar og skular landet over fast at dette «ikkje verkar», eller metoden vert erstatta av ei ny pedagogisk moteretning utan dokumentert effekt.

Dette er ikkje dommedagsprofetiar. Utfordringa med å oppskalere intervensjonar som har vist god effekt i kontrollerte studiar er godt dokumentert. Til dømes undersøkte forskarar i ein oversiktsstudie sju intervensjonar i lesing og matematikk.

Resultata viste at den gjennomsnittlege effektstorleiken fall frå 0,25 til 0,01. Med andre ord fann forskarane ein liten, men reell effekt under kontrollerte forhold.

Derimot fann dei så godt som inga effekt når intervensjonane vart prøvde ut i vanleg praksis. Dette tilsvarar ein forskjell på 96 prosent i den gjennomsnittlege effektstorleiken.

Resultata er ikkje unike og illustrerer ei generell utfordring når effektive intervensjonar går frå kontrollert utprøving til vanleg praksis i skulen.

Kven skal sørgje for at gode tiltak faktisk verkar?

Årsakene til at effekten nærast forsvinn i vanleg praksis er fleire. Tiltak kan ikkje nødvendigvis settast i verk i ein skule eller klasse på same måte som i den kontrollerte studien.

Lærarar må ha opplæring og opplæringa passar kanskje ikkje inn i dei ordinære ordningane for kompetansetiltak for lærarar. I tillegg treng lærarar støtte, gjerne rettleiing, for å kunne implementere tiltaket på same måte som i den utprøvde versjonen.

Vert intervensjonen tatt i bruk i skulen skjer det ofte tilpassingar. Delar av tiltaket vert kanskje ikkje implementert, eller gjennomført i for liten grad til at det gir effekten som tiltaket kan gi, nett slik oversiktsstudien over viste.

Ei anna årsak kan vere at ein vel å ikkje ta i bruk tiltaket i det heile. Grunngjevinga kan vere læraren sin metodefridom, at tiltaket er for dyrt eller for omfattande. Så vel ein meir populære, billigare og enklare tiltak som ikkje har føresetnad for å gi resultat.

Når ein elev strevar med lesing, matematikk, mobbing eller psykisk helse er det ikkje vilkårleg kva tiltak skulen set inn. Ein må ta i bruk metodar og tiltak som kan gje resultat.

System for kompetanse og karriererutvikling for tilsette i barnehage og skular gjev lærarar høve til kompetanseutvikling, men det er i dag lite krav til at tiltaksordningane innan systemet skal legge vekt på «det som verkar». Forskingsbasert ja, men ingen krav om at tiltaka skal bygge på det som er dokumentert effektivt.

Forskinga er ikkje ferdig når artikkelen er publisert

Vi forskarar har gjerne sett oss nøgde når artikkelen er publisert i det prestisjetunge tidsskriftet. I beste fall vert den nye kunnskapen med inn i forelesingssalen eller vert ein fagdag som fortel lærarar kva som skal til, men ikkje hjelper dei med å sette det i verk i eige klasserom.

Vi kan ikkje overlate til den enkelt skule og lærarar å finne ut av dette sjølve.

Metodefridom til lærarar er viktig i implementering av evidensbasert undervisning, det er ikkje eit alternativ til evidens. Profesjonelt skjønn er kompetanse ein nyttar for å omsetje evidens til ein konkret kontekst – utan å miste mekanismane som gjorde tiltaket verknadsfullt. Då verkar det best.

Korleis få kunnskapen ut i vanlege klasserom

I tillegg er det behov for meir kunnskap om korleis dei tiltaka som vert dokumentert effektive kan implementertast på ein måte som gjer at dei opprettheld dei gode resultata i vanleg praksis i skulen og i stor skala.

Kanskje er likevel ikkje den største utfordringa med evidensbasert undervisning mangelen på evidens, men avstanden mellom det forskarane undersøkte og det elevane faktisk møter når tiltak vert implementert i vanleg praksis.

Dokumentasjon av effekt, at det verkar, er berre første steg. Den store utfordringa er å få kunnskapen til å gi same resultatet i vanlege klasserom, med ulike rammevilkår, i stor skala og over tid. Vi kan ikkje overlate til den enkelt skule og lærarar å finne ut av dette sjølve.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS