Sjukdomen tungiasis er forårsaka av ei sandfloga kalla jiggers. Floga borar seg inn i hudoverflata for å suge blod, og lagar opne infeksjonssår.(Foto: Åse Mørkve)
Færre kunne døydd av denne sjukdommen om fleire brydde seg
POPULÆRVITENSKAP: Du har mest truleg aldri høyrd om tungiasis, men den råkar hundrevis av millionar menneskjer.
ÅseMørkveHøgskolelektor i interkulturelle studier, NLA Høgskolen
Publisert
«Ein
skal ikkje tåla så
inderleg vel, den urett som ikkje rammar ein sjølv» er eit velkjent sitat frå Arnulf Øverland
frå 1937. Sitatet er, dessverre, i 2023 framleis aktuelt. Katastrofar i Afrika til dømes, er ikkje nært nok, sensasjonelt nok
eller nytt nok til at majoriteten i Noreg bryr seg nemneverdig om det.
Kanskje
det er grunnen til at ein sjukdom kalla Tungiasis, som råkar nær hundre millionar menneskjer i
tropiske land, får minimalt med merksemd, og er kjent for eit mindretal i
Noreg?
At det kun er fattige som vert råka, og at jiggers ikkje er ein stor trussel for turistar, gjer også at merksemda på sjukdomen er låg.
Sjukdomen Tungiasis er forårsaka av
ei sandfloga kalla jiggers. Floga borar seg inn i hudoverflata for å suge blod,
og lagar opne infeksjonssår. Floga lever i sanden, og for dei som søv på golvet i sanden, går utan sko, ikkje har tilgang på
reint vatn og såpe til å vaska seg, er det nærmast umogleg å halda denne floga
på avstand.
Store plagar og konsekvensar for dei fattige
Personar som vert angripe kan oppleve søvnlause
netter grunna kløe, tap av negler, danning av sår og sprekker, betennelse,
blodforgifting og koldbrann.
Grunna stigmatisering frå medelevar, fysiske og
psykiske plagar, sluttar over tre av fem elevar med jiggers på skulen.
Råkar jiggers vestlege
turistar eller middel/ overklassen derimot, kan ein plukke den vekk med eit
sterilt instrument. Turistar kan også dusje kvar dag, søv i senger og brukar
sko.
At det kun er fattige som vert råka, og at jiggers ikkje er ein stor
trussel for turistar, gjer også at merksemda på sjukdomen er låg.
Annonse
I tillegg,
ettersom floga primært råkar dei fattigaste i tropiske land, har den ingen
direkte økonomiske konsekvensar for vestlege land, som igjen gjer jiggers til
ein lite attraktiv nyheit å lese om, og gjere noko med, både lokalt og globalt.
Fleire neglisjerte sjukdommar
Tungiasis er ikkje den einaste
sjukdomen som får lite merksemd, i fylgje Verdas Helseorganisasjon er Tungiasis i selskap blant 19
andre neglisjerte tropiske sjukdomar, som hindrar vegen ut av fattigdom for 1
milliard menneskjer.
Mest truleg har du aldri høyrd om fleire av desse
sjukdomane. Like fullt minskar dei sannsynlegheita for at verda skal oppnå FN sine bærekraftsmål om å utrydda fattigdom, utjevna
ulikhet og stoppa klimaendringane. Som Leger uten Grenser skriv om «gløymde kriser» ; færre dør
når fleire veit!
I tilfellet når det kjem til jiggers og andre neglisjerte
sjukdomar i tropiske land, vil det at fleire veit og at fleire bryr seg, føre
til eit fokus på førebygging av sjukdomen i skulegården, helsevesenet og
styresmakter nasjonalt og globalt.
Les deg opp
Nærare 90 år etter sitatet frå Øverland vart kjent, kan
det altså sjå ut til at sitatet framleis er aktuelt. Kanskje bør me alle vere
meir bevisst på, at med dagens teknologi, der mediehus kan måla antal klikk på
kvar enkelt sak, så er me i stor grad med på å påverka kva nyheitsartiklar som vert publisert?
Kanskje du kan
byrje med å lesa Leger uten grenser si
liste over gløymde kriser? Fylgje ekstra med på TV-aksjonen der midlane som vert
samla inn går til Redd Barna sitt arbeid med krigsramma born? Eller lese Verdens Helseorganisasjon si liste over jiggers og andre neglisjerte
tropiske sjukdomar?