I observasjonar frå barnehage viser det seg at små barn ofte trekkjer mot bøker som speglar noko dei kjenner frå før, skriv forskar Monica Gjelsten (Høgskulen i Volda)(Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)
Kvifor vel små barn alltid den same boka?
KRONIKK: Barn er ikkje passive mottakarar av lesing. Dei er aktive deltakarar.
Monica GjelstenMonicaGjelstenMonica GjelstenHøgskulelektor ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Eit lite barn kjem bort til eit bord der det ligg
mange ulike bøker. Nokre har klaffar, andre har tenner ein kan kjenne på, eller
bamsemunnar ein kan putte fingrane inn i. Det er mykje å velje i.
Likevel går
ho rett bort til ei bok med bilete av kaninar. Ho blar i henne, stoppar opp, og
kjem tilbake til den same boka igjen og igjen.
Kanskje kjenner du det att. Kanskje har du til og
med prøvd å gøyme boka litt, fordi du er lei av å lese den same historia om att
og om att. Men barnet finn henne igjen. Og vel henne igjen.
Når eit barn peikar på ein kanin i boka og seier «Vi har kaninar heime», skjer det noko meir enn at barnet gjenkjenner eit bilete.
I dette prosjektet hadde barna tilgang til eit
stort utval av bøker med ulike taktile element – klaffar, teksturar, rørsle og
interaktive detaljar. Likevel var det for nokre barn éi bestemt bok som peikte
seg ut. Eitt barn valde den same boka om traktorar, gong på gong.
Kvifor blir det slik?
Vi tenker ofte at det er vi vaksne som vel bøker
for dei yngste barna. At det er vi som bestemmer kva dei skal lese, og kva dei
har utbyte av. Men i møte med eitt- til treåringar ser vi noko anna: barna vel
sjølve – og dei vel ikkje tilfeldig.
I observasjonar frå barnehage viser det seg at små
barn ofte trekkjer mot bøker som speglar noko dei kjenner frå før. Eit barn som
har kaninar heime, vel bøker med kaninar. Eit anna som er oppteken av køyretøy,
vel traktorar og gravemaskiner. Nokre vel bøker med hundar fordi dei har ein
leikahund, eller fordi dei har møtt ein hund dei hugsar.
Dette handlar ikkje berre om preferansar. Det
handlar om korleis lesing oppstår.
Annonse
Når eit barn peikar på ein kanin i boka og seier «Vi har kaninar heime», skjer det noko meir enn at barnet gjenkjenner eit
bilete. Boka blir knytt til barnet si eiga erfaring. Lesinga blir ikkje berre
noko som kjem utanfrå – ho blir forankra i livet barnet allereie lever.
Slik utfordrar små barn ei vanleg førestilling om
lesing som noko som først og fremst handlar om språk og forståing av tekst. For
dei yngste barna handlar lesing også om å kjenne att, peike, gjenta og ta boka
inn i eigne erfaringar.
Eit møte mellom tekst og lesar
Det same ser vi i korleis barna brukar bøkene. Dei
blar fram og tilbake til dei same sidene. Dei stoppar opp ved det som
interesserer dei. Dei tek med seg ting frå leiken inn i lesinga, og lar boka
bli ein del av det dei allereie held på med.
Frå eit forskingsperspektiv kan dette forståast
som ei tidleg form for lesarrolle. I litteraturvitskapen blir lesing ofte
beskrive som eit møte mellom tekst og lesar. Sjølv om små barn ikkje les i
tradisjonell forstand, viser dei at dei tek del i dette møtet – på sine eigne
premiss.
Dei vel, dei gjentek, dei peikar ut det som betyr
noko for dei. Med andre ord: dei er ikkje passive mottakarar av lesing. Dei er
aktive deltakarar.
Slik vaksne gjer
Dette har også konsekvensar for korleis vi tenker
om bøker for dei yngste. Bøker blir ofte vurderte ut frå kva dei kan lære barna
– ord, omgrep, kategoriar. Men observasjonane tyder på at det er like viktig å
spørje: Kva kan barna bruke boka til?
Annonse
Når interessa styrer val av bok, blir lesinga ein
stad for gjenkjenning, utforsking og deltaking. Det betyr ikkje at alt må vere
kjent. Men det betyr at barn allereie frå eitt- til treårsalderen orienterer
seg i litteraturen ut frå det dei bryr seg om.
Kanskje bør vi ta det meir på alvor.
For når små barn vel den same boka om og om igjen,
er det ikkje nødvendigvis fordi dei manglar variasjon.
Det kan vere fordi dei les ut frå eigne interesser
– slik vaksne gjer.
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?