Når fleire unge får sjå kva yrkesfag faktisk er – ikkje berre høyre om det – gir vi dei betre føresetnader for å velje, fullføre og trivast. Det tener både elevane, yrkesfaga og samfunnet, skriv innsenderane.(Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB)
Mange elevar vel yrkesfag utan å vite nok om kva faga inneber
KRONIKK: Kva skjer om fleire elevar får sjå kva yrkesfag faktisk er tidlegare i utdanninga?
Dorthea SekkingstadDortheaSekkingstadDosent i pedagogikk og utdanningsleiing, Høgskulen på Vestlandet
Elin Bø MorudElin BøMorudFørstelektor i skoleutvikling og livslang læring ved NTNU og leiar av NTNU KOMPiS
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Dei fleste som arbeider med yrkesfag i vidaregåande skule, har kjent på det: Elevar som kjem til Vg1 utan heilt å vite kva dei har valt. Nokre er usikre, andre har valt på sviktande grunnlag, og nokre har eigentleg ikkje valt i det heile – dei har berre hamna der.
Samtidig veit vi kor mykje som kan skje når elevane først får stå i verkstaden, på kjøkkenet, i salongen eller ute på anlegg. Når dei får arbeide praktisk, ta i bruk utstyr, ta ansvar – og oppleve at det dei gjer, faktisk betyr noko. Då skjer det ofte noko med både motivasjon, sjølvtillit og arbeidsinnsats.
Dette gir grunn til å stille eit enkelt, men viktig spørsmål: Kvifor ventar vi så lenge med å gi ungdom desse erfaringane?
Arbeidslivsfaget – eit felles ansvar
Arbeidslivsfaget i ungdomsskulen er meint å vere ein slik arena – der elevar får utforske yrke, prøve praktisk arbeid og sjå samanhengar mellom skule og arbeidsliv. Mange stader blir faget drive fram av engasjerte lærarar som gjer så godt dei kan innanfor meir eller mindre eigna rammer.
Når undervisninga blir praktisk, konkret og ekte, endrar mange elevar måten dei møter skulen på.
Realiteten er at mange ungdomsskular manglar både fasilitetar og yrkesfagleg kompetanse, noko som kan forklare at berre 75 prosent av skulane tilbyr arbeidslivsfaget. Dette er ikkje ei utfordring som kan – eller bør – løysast av ungdomsskulen åleine.
Her har vidaregåande skule, og særleg yrkesfaga, noko å bidra med. Ikkje fordi nokon har gjort ein dårleg jobb, men fordi yrkesfagleg kompetanse, utstyr og læringsmiljø finst der dei finst – og er vanskelege å flytta på.
Når samarbeid får vekse fram over tid
Annonse
I arbeidet vårt har vi undersøkt eit samarbeid i Voss herad, der yrkesfaglærarar i vidaregåande skule gjennom mange år har vore med på å utvikle arbeidslivsfaget i ungdomsskulen. Det starta ikkje som ein stor modell eller ein ferdig plan, men som eit forsiktig forsøk på å samle ressursar for å styrke kvaliteten i faget.
Over tid har samarbeidet blitt meir strukturert, meir forankra – og meir robust. I dag får ungdomsskuleelevar prøve fleire yrkesfaglege utdanningsprogram i autentiske omgjevnader, saman med lærarar som kjenner faga frå innsida.
Dette handlar ikkje om å vise fram yrkesfag som «reklame». Det handlar om å gi elevane eit realistisk møte med kvardagen i faga – både det krevjande og det meiningsfulle.
Ei ramme som gir både breidde og djupn
Eit av grepa som har vist seg særleg viktig i samarbeidet på Voss, er at elevane møter yrkesfaga gjennom ein tydeleg og gradvis struktur. På 8. trinn får elevane prøve alle dei yrkesfaglege utdanningsprogramma som blir tilbydde ved dei to vidaregåande skulane i kommunen. Det gir ein brei smakebit og eit første møte med ulike fag, arbeidsmåtar og krav.
Det viktige er ikkje at alle vel yrkesfag.
På 9. trinn får elevane høve til å velje tre til fire fag dei ønskjer å gå djupare inn i. Når dei kjem til 10. trinn, følgjer elevane eitt yrkesfag gjennom heile skuleåret. Undervisninga skjer i grupper på inntil 15 elevar og kombinerer praktisk arbeid i verkstad, på kjøkken og i andre fagrom med teori som er tett knytt til det dei gjer i praksis.
Både den praktiske og den teoretiske delen av undervisninga blir gjennomførte av faglærarar frå vidaregåande skule. Det gir elevane kontinuitet, høg fagleg kvalitet og eit realistisk bilete av kva yrkesfaga faktisk inneber.
Erfaringar frå Voss
Annonse
At både den praktiske og den teoretiske undervisninga blir gjennomført av yrkesfaglærarar frå vidaregåande skule, gir undervisninga ei tydeleg fagleg tyngde – og elevane møter yrkesfaga slik dei faktisk er, ikkje slik dei kan forklarast i eit klasserom.
Modellen gir elevane høve til å utforske ulike yrkesretningar, utvikle praktiske ferdigheiter og bli kjende med vidaregåande skulemiljø – alt innanfor ramma av eit strukturert og forpliktande samarbeid mellom skuleslaga.
Kva skal til for å lykkast?
Erfaringane frå Voss peikar på tre sentrale faktorar:
Forankring Arbeidslivsfaget må vere forankra både politisk og hos skuleeigar, leiing og lærarar.
Samarbeid Løysingane veks ofte fram gjennom dialog – mellom lærarar, skuleslag og fagmiljø.
Gevinstar over tid Kostnadene er avgrensa, medan gevinstane kan vere store: oppleving av motivasjon og meistring, meir informerte val, betre overgangar og mindre fråfall.
Lærarane som underviser i arbeidslivsfaget framhevar at læreplanen gir eit stort handlingsrom og eit godt utgangspunkt for samarbeid på tvers av fag om tverrfaglege tema som HMS, berekraft, etikk og entreprenørskap.
I tillegg blir det lagt vekt på at elevane skal lære å følgje arbeidsinstruksar, bruke fagterminologi og reflektere over både arbeidsprosessar og resultat.
Kva gjer dette med elevane?
Lærarar og skuleleiarar som er involverte i arbeidslivsfaget, peikar på mykje av det same: Når undervisninga blir praktisk, konkret og ekte, endrar mange elevar måten dei møter skulen på. Dei får høve til å utvikle seg praktisk, samstundes som dei blir kjende med vidaregåande skulemiljøet.
Nokre elevar opplever meistring for første gong på lenge. Andre blir meir medvitne om kva som krevst i eit yrke – og får større respekt for både fag og fagarbeidarar. Mange får eit betre grunnlag for å velje vidare, anten dei går mot yrkesfag eller studiespesialiserande.
Det viktige er ikkje at alle vel yrkesfag. Det viktige er at vala blir meir informerte og meir gjennomtenkte – og at elevane får reell moglegheit til å ta eigne val.
Annonse
Kva betyr dette for yrkesfaga i vidaregåande?
For yrkesfaglærarar og leiarar i vidaregåande skule kan dette samarbeidet gi fleire gevinstar enn vi kanskje ser ved første augekast.
Elevane som kjem til Vg1, har ofte eit meir realistisk bilete av yrket
mindre frykt for verkstaden og krava som møter dei
større tryggleik i valet dei har gjort
og dei er allereie kjende med dei nye skuleomgjevnadene
For vidaregåande skule betyr dette at elevane møter opp med betre føresetnader for læring, deltaking og fagleg utvikling heilt frå starten.
Yrkesfaglærarar i vidaregåande skule får òg eit tidlegare møte med elevane – ikkje som karakterar eller diagnosar på eit papir, men som unge menneske i arbeid. Det gir eit langt betre utgangspunkt for relasjonsbygging, tilpassa opplæring og fagleg progresjon.
Samarbeid mellom ungdomsskule og vidaregåande skule krev meir enn gode intensjonar.
Fleire yrkesfaglærarar peikar dessutan på at undervisning i arbeidslivsfaget kan vere fagleg givande også for dei sjølve. Det gir variasjon i arbeidsoppgåvene, rom for relasjonsarbeid og ei kjensle av å bidra til noko som strekkjer seg utover eige klasserom.
Krevjande – men gjennomførbart
Samarbeid mellom ungdomsskule og vidaregåande skule krev meir enn gode intensjonar. Timeplanar må samordnast, skyss ordnast, og ressursar prioriterast. Dette kan vere krevjande – særleg i ein pressa skulekvardag med avgrensa økonomiske rammer.
Erfaringane frå Voss viser likevel at dette let seg gjere når arbeidslivsfaget er forankra både politisk og i heile skuleorganisasjonen – hos skuleeigar, leiing og lærarar – og når ein har ei felles forståing av kvifor ein gjer det. Fleire peikar på at kostnadene knytte til arbeidslivsfaget er små samanlikna med gevinstane: meir treffsikre val, betre overgangar og mindre fråfall over tid.
Det kan starte med ei samtale
Dette er ikkje ei ferdig oppskrift som kan kopierast. Skular, fagtilbod og lokale forhold er ulike. Men erfaringane frå Voss viser at yrkesfag i vidaregåande skule kan spele ei viktig rolle tidlegare i utdanningsløpet – dersom ein ønskjer det.
Kanskje startar det ikkje med ein stor plan, men med ei samtale: mellom lærarar
mellom skuleslag
mellom fagmiljø og leiing
Og derifrå kan ein utforske kva som er mogleg der ein er.
For når fleire unge får sjå kva yrkesfag faktisk er – ikkje berre høyre om det – gir vi dei betre føresetnader for å velje, fullføre og trivast. Det tener både elevane, yrkesfaga og samfunnet.
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?