Mykje kan gjerast for å unngå matsvinn, men samstundes må maten vere trygg.

Fører redusert matsvinn til meir utrygg mat?

KRONIKK: Partar på alle sider av bordet har gått saman om å redusere matsvinn. Eg brenn også for det, men fagpersonen i meg murrar og spør: Har omsyn til at maten skal vera trygg gått tapt på vegen?

Sommaren er ei spennande tid for oss som arbeider med oppklaring av matbårne sjukdomsutbrot. Det skjer alltid noko. Eit år er det rå hamburger eller melon som gjev sjukdom, andre år er det røykt laks, kjeldevatn eller heilt andre ting. Det er ikkje så ofte mat har farlege bakterier, men det hender.

Om sommaren er det fleire risikoutløysande faktorar

Sommaren er tid for å glede seg med god mat både ute og inne, åleine eller saman med andre, gjerne på tvers av generasjonar, ofte med grilling eller nistekorg, eller med lokale matspesialitetar, transportert med i kofferten. Vi gjer ting på andre måtar, på andre stadar, og/eller saman med andre folk enn vi brukar, og dei gode vanane blir ikkje alltid med.

Det er vanskeleg å få til god kjøling av mat på tur. Med høg temperatur følgjer det kondens og væskeslepp, slik at bakteriar som ligg samla på ein del av maten spreier og kan smitte fleire. Farlege bakteriar trivst ofte betre utan sterk kjøling, og det aukar risikoen endå meir.

EU vil ha 30 prosent mindre matsvinn i 2030

Feltkjøkken er eit anna element. Det er ikkje alltid så lett å vera tålmodig med grillinga, eller å bryte den gode stemninga med å seie ifrå om at burgaren ikkje er gjennomsteikt, at salat og rått kjøt skal haldast frå kvarandre eller andre ting som vi alle eigentleg veit om vi tenkjer etter. Det får våge seg, det går som regel bra.

Og ja, også fagpersonen i meg veit at det som regel går bra, men poenget er at det ikkje alltid går bra, og at konsekvensane då kan bli store. Det knyter seg i meg når folk i risikogruppa et mat dei veit dei ikkje bør eta for å vera høflege.

Det er fullt mogeleg å ivareta omsynet til trygg mat, matsvinn og matglede samstundes, om forbrukarar, bransje og myndigheiter hjelper kvarandre.

Når fleire generasjonar er samla er nokon meir utsette for å bli sjuke av maten enn andre. Det gjeld særleg barn, eldre, gravide og dei med underliggjande sjukdommar. Det blir gjeve råd til denne gruppa om kva for matvarer dei bør unngå eller bruke godt innanfor utløpsdatoen, men det er slett ikkje sikkert at desse råda har nådd fram til dei det gjeld, og endå mindre til dei som sjølve ikkje er i risikogruppa men handlar mat til dei.

Når risikoprodukt som røykt fisk, salatar og kjøtpålegg blir selt til nedsett pris fordi dei er nær utløpsdato, er det eit godt tiltak både for å redusere matsvinn og for å gje for folk med pressa økonomi tilgang på mat dei elles ikkje ville hatt råd til. Men, det er eit tilbod dei som er i risikogruppa ikkje bør nytte seg av.

Korleis vil det så gå framover med matsvinnet og mattryggleiken? Det er både gode og dårlege teikn

Datomerking er peikt ut som ei stor årsak til unødvendig kasting av mat. Mat skal merkast med enten «brukes innen» for å vise at matvara ikkje skal brukast etter den datoen, eller «best før (og ofte god etter)» for å få folk til å tenkje ein gong til om det verkeleg er nødvendig å kaste maten sjølv om datoen er passert. Dette er i utgangspunktet eit godt tiltak, for lagringstida er viktigare for nokon matvarer enn for andre.

Mange har teke til orde for at vi kan bruke sansane i staden for utløpsdatoen til å vurdere om maten er brukande eller ei. Dette stemmer om det er forringa smak eller muggdanning vi ser etter, men ikkje for farlege bakterier i mat. Dei fleste av desse påvirkar ikkje matkvaliteten, og kan gje sjukdom sjølv om maten er god. Det er dette som er grunnen til at utløpsdatoen i kategorien «brukes innen» skal respekterast.

Om respekta blir mindre, og endå verre, om mat som skulle vore merka med «brukes innen» i staden blir merka med «best før», vil matbåren sjukdom bli eit større problem enn i dag, trass i at vi fram til no har hatt færre matbårne sjukdomstilfeller her enn i mange andre land.

Farlege bakteriar i mat er ein trussel som ikkje kan vinnast ein gong for alle. Desse bakteriane er som ugras, dei kjem tilbake. Dei vil koma raskare og gjera meir skade om vi gløymer å ta omsyn til dei når vi lagar tiltak for andre viktige ting, som t.d reduksjon av matsvinn.

Det er fullt mogeleg å ivareta omsynet til trygg mat, matsvinn og matglede samstundes, om forbrukarar, bransje og myndigheiter hjelper kvarandre. Det kan gjerast med å skrive rett informasjon på pakken, lesa etikett og råd til risikogrupper godt, hugse og etterleva det vi har lese og det vi elles har lært, spesielt når vi har med mat til utsette grupper å gjera. Det burde vi klare å få til i lag, det både trur og håpar eg.

(Teksten er tidlegare publisert i Nationen)

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS