PISA viser mange svake lesere, men forskningen på hvordan skoleelever leser og lærer på skjerm er fortsatt begrenset, ifølge innsenderen.(Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)
Nedslåande PISA-resultat: Vi veit framleis for lite om korleis skuleelevar les på skjerm
KRONIKK: Over heile verda blir det berre gjort i snitt fire undersøkingar i året av korleis barn les digitalt. Etter meir enn 20 år med forsking veit vi framleis ikkje nok om kva som skjer hos elevane når dei les på skjerm.
Mari Rollag EvensenMari RollagEvensenStipendiat ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
PISA-undersøkinga viser at ein tredel av norske 15-åringar er rekna som svake lesarar. Skjermen og digitalisering i skulen blir peika på som ein av årsakene.
Dermed skulle ein tru at vi har ein drøss med studiar som fortel korleis det artar seg når elevar sit framfor ein laptop eller eit nettbrett.
Men gjer det eigentleg det? Det var det eg og kollegaene mine ville finne ut.
Forsking på barns lesing og læring på skjerm
I 2025 var skjermtida for norske barn mellom 9 og 15 år på 298 minuttar. Kvar dag, ifølge Statistisk sentralbyrå. Det er fire timar og 58 minuttar.
Til saman har vi gått gjennom fleire hundre dokument som hevdar å bringe ny kunnskap om noko av digitaliseringa som har gått føre seg; barns lesing og læring på skjerm. Før vi starta arbeidet med review-en, den sonderande oversikten, sette vi følgande kriterium utanom at teksten måtte vere på engelsk eller skandinavisk:
1) Målgruppa skulle vere elevar på mellomtrinnet.
2) Elevane skulle ha lese i eit digitalt læremiddel eller noko lærarar eller forskarar hadde definert som det (til dømes «les desse tre nettsidene»)
Visste du at forskarar frå Kina har sjekka om ungar mellom 7 og 12 år blir kan bli betre i bordtennis viss dei brukar digitale læremiddel? Eller at spanske vitskapsfolk har brukt eye-tracking (augebevegelsar), EE (hjerneaktivitet) og ansiktsuttrykk for å samanlikne reaksjonsmønster når 12-åringar les på skjerm og papir?
Eller dei i Taiwan, som såg om eit Mozart-stykke gjorde noko med lesehatigheita og leseforståinga da skuleelevar las om isbrear på skjerm?
Til sist er 108 dokument, dei aller fleste vitskaplege studiar publisert som forskingsartiklar, med i den siste analysefasen. Perioden vi har søkt i, er frå tusenårsskiftet til nå. 26 år med forsking på lesing på skjerm. Men 108 er berre et snitt på omtrent fire undersøkingar i året.
Kva hadde Schilling sagt?
Innan forsking er ikkje 26 år så veldig lenge. I ei digital verd er det derimot fleire generasjonar. For 23 år sidan såg Jennifer Branch at elevar mellom 11 og 15 år kunne ha vanskar med å finne tilbake til søketreff-sida da dei leita etter informasjon.
For 22 år sidan meinte britiske Alan Pritchard og Victoria Cartwright at «læring frå komplekse informasjonskjelder som internett» ikkje alltid kan garanterast.
Annonse
For 19 år sidan møtte Marion Walton ein sjetteklassing som kunne kommareglane, men ikkje fann riktig knapp på tastaturet.
For 15 år sidan fastslo Heather Anne Schilling i doktorgradsavhandlinga si at tenåringar brukte «ein hel del tid» på internett med ein time og 32 minuttar kvar dag.
I 2025 var skjermtida for norske barn mellom 9 og 15 år på 298 minuttar. Kvar dag, ifølge Statistisk sentralbyrå. Det er fire timar og 58 minuttar. Kva hadde Schilling sagt nå?
Papir eller skjerm er kanskje ikkje utfordringa?
Vår ganske store kartlegging, som starta med databasesøk med over 13.000 treff, har hatt stramme krav for å vere med på A-laget (her står A for analyse). Mangel på eigne data frå lesinga var faktoren som gjorde at flest hamna i nei-bunka.
Innan forsking er ikkje 26 år så veldig lenge. I ei digital verd er det derimot fleire generasjonar.
Frå ja-bunka meiner fleire at også forskinga som finst, har manglar. Litteratur om adaptive teknologiar veks på fleire område, men det som handlar om grunnskulen er svært avgrensa, meinte Stig Toke Gissel og hans danske kollegaer i 2020.
Eller kanskje er ikkje utfordringa papir eller skjerm, men korleis lesing og tekstarbeid blir løyst i klasserommet, undra Dorthe Carlsen og hennar kollegaer i 2024.
Same år spurde Klaudia Krenca med kollegaer om det ikkje er verd å forstå korleis barn lærer seg å lese i digitale omgjevnader når skjermtida og digital lesing er så nærverande.
Annonse
Hansken er kasta
Forskarane i materialet vårt på 108 har mellom anna testa elevar før og etter lesing og dei har observert, overvaka digitale einingar og fått loggdata, registrert augebevegelsar og intervjua elevane under eller rett etter dei har lese. Så i 108 studiar kan ein seie noko om korleis skuleelevar les når dei skal prøve å lære noko av det digitale på skulen.
108 vitskaplege artiklar er mykje, kan ein seie. På den annan side: Er 108 eigentleg så mykje, når det omfattar alt frå CD-rom frå starten på 2000-talet til spel-liknande læremiddel på iPad frå dei seinare åra? Er 108 så mykje når ein veit at det i gjennomsnitt er litt meir enn fire forskingsprosjekt, frå alle land i verda, kvart år?
Er det så mykje når det ifølgje UNESCO var over 8 millionar forskarar i verda i 2021? Er det så mykje når ein veit at skjermen ikkje kjem til å forsvinne, men i staden bli viktigare og viktigare i alle delar av samfunnet alle stader i verda? Inkludert utdanning?
Er 108 undersøkingar på 26 år så mange når ein veit at dei skuleelevane som har nådd punktet kor alle forventar at dei kan lese, mellomtrinnet, berre skal lese meir og meir på skjerm vidare i utdanninga si?
Dei som samstundes brukar nær fem timar kvar dag på skjermen?
Da synest ikkje vi at 108 utprøvingar er så mykje. Så folkens – hansken er kasta.
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?