Etter at 75 skuleungdomar i Kenya hadde lært om sjukdomen tungiasis, sank antalet stigmatiserande kommentarar om folk som vert berørte av sjukdomen drastisk blant elevane.

Etter berre ti timar under­visning endra elevane haldning til den stigma­tiserte sjukdommen

POPULÆRVITENSKAP: Blant skuleungdomar i Kenya vart 75 elevar introdusert for eit undervisingsopplegg, der målet var å sjå om ti timar undervisning kunne endre haldningar rundt den stigmatiserte sjukdomen Tungiasis.

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og populærvitenskap

Det er ikkje mange undervisningstimar som skal til for å skape ei haldningsendring blant elevar, viser nyare forsking. Blant skuleungdomar i Kenya vart 75 elevar introdusert for eit undervisingsopplegg, der målet var å sjå om ti timar undervisning kunne endre haldningar rundt den stigmatiserte sjukdomen Tungiasis.

Tungiasis, eller jiggers, er ei sandfloga som kryp inn i huda og lagar opne infeksjonssår. Risikofaktoren for å verte råka er fyrst og fremst at du er fattig; og søv på golvet i sanden, har dårleg eller ingen tilgang på trygge sanitære forhold og går utan sko. I tillegg til fysiske plagar som søvnlause netter, opne sår, betennelse, koldbrann og blodforgifting, opplever mange stigmatisering og isolasjon.

På grunn av dette sluttar over tre av fem elevar som er råka av jiggers på skulen. Jiggers dermed er ein sjølvstendig faktor som truar FN sine bærekraftmål om å «sikra inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremma moglegheita for livslang læring for alle».

Høg grad av stigmatisering i forkant av undervisninga

Skulen der den nemte undersøkinga vart gjennomført, var ein privat skule med elevar frå høgare sosioøkonomiske kår, og det var ikkje forventa at mange av elevane hadde utfordringar sjølve rundt jiggers.

I forkant av undervisningsopplegget blant elevane vart ein pretest gjennomført. Der skreiv elevane anonymt ned sine tankar om jiggers på eit ark. Pretesten viste at 71 av 75 elevar kom med stigmatiserande kommentarar rundt dei som var berørte av jiggers.

Hovudtyngda av kommentarane omhandla at:

 1. elevane kjente lite til sjukdomen, men meinte at dei med jiggers er ignorante; «dei som har jiggers er kunnskapslause» og at «jiggers ikkje er ein ekte sjukdom, og det er ikkje eit stort problem i Kenya»

2. at elevane meinte dei med jiggers ikkje brydde seg om hygiene; «dei som har jiggers er skitne» og «bryr seg ikkje om å vaska seg sjølv og huset sitt», og 

3. det var mange elevar som meinte at det er riktig at dei med jiggers isolerast frå samfunnet; «eg foretrekker å ikkje leika med elevar med jiggers» og og at dei «er redd for dei med jiggers».

Auka grad av kunnskap og medkjensle i etterkant av undervisinga

Sjølve undervisningsopplegget hadde eit sosiokulturelt læringsperspektiv, med fokus på aktiv og sosial læring. Elevane jobba med ulike læringsformer, som inkluderte gruppearbeid, teikneoppgåver, historie frå tidlegare berørte av jiggers, refleksjonsoppgåver og diskusjonsoppgåver i klassen.

Pretesten viste at 71 av 75 elevar kom med stigmatiserande kommentarar rundt dei som var berørte av jiggers.

I etterkant av opplegget gjennomførte elevane ein posttest, gjennomført på same måte som pretesten. Der pretesten som nemnd viste 71 stigmatiserande kommentarar, viste posttesten ingen tegn til nokon stigmatiserande kommentarar.

Hovudtyngda på posttesten omhandla at: 

1. elevane var vorte klar over omfanget av problemet og at dei hadde lyst å hjelpe dei som var berørte av jiggers; «eg trudde jiggers ikkje var noko stort problem, men no veit eg betre» og «jiggers er eit stort problem som berører sårbare grupper» og 

2. auka medkjensle ovanfor dei med jiggers «før pleide eg å le av dei med jiggers sjølv om dei grein. No veit eg betre» og «det er ikkje riktig å isolera folk med jiggers».

Eit bidrag til eit meir inkluderande klassemiljø?

Som illustrert med sitat frå elevar ovanfor viste elevane frå pretest til posttest markant auke i kunnskap om jiggers, og forståelsen for dei som hadde jiggers. Og eit resultat av auka kunnskap er ofte mindre stigmatisering.

Denne aktuelle intervensjonen var kostnadseffektiv og lite ressurskrevjande, men viste svært lovande resultat når det kjem til haldningsendring blant elevar, og kan vere eit bidrag til vegen mot eit meir inkluderande samfunn og klassemiljø for alle elevar med ulike utfordringar.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne artikkelen. Eller spørsmål, ros eller kritikk? Eller tips om et viktig tema vi bør dekke?

Powered by Labrador CMS