I USA kjempar maktsøkande kristelege nasjonalistar for at landet skal definerast av kristentrua. Også i Noreg eksisterer det ein variant av kristeleg-nasjonalisme. Denne har i lange tider hatt visse symbolske, nær sagt rituelle, oppkomme i det norske offentlege rom, hevdar kronikkforfattaren.

Kvifor ser vi så mange kristne symbol rundt oss i Noreg?

KRONIKK: Det finst eit stort konfliktpotensiale i ulike krysningar mellom kristendom og nasjonalisme, noko som verdssituasjonen av i dag viser oss, ofte på blodig vis. I dette landskapet bør vi hugse på at kristeleg nasjonalisme også er eit fenomen med djupe røter i Noreg.

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Noreg er visstnok sekulært, men det offentlege rommet er stadig prega av kristne symbol. På nasjonale merkedagar ber ein gjerne Gud om å signe fedrelandet. Det norske flagget består av ein kross, på raudt, kvitt og blått – fargar som òg symboliserer parolane ved Den franske revolusjonen: likskap, fridom og brorskap.

Det er ikkje gjeve at kristendom, politikk og nasjonal fridom kan syast saman på slikt eit vis. Det kan nemleg ofte vere snakk om religion som blir politisert, eller politikk som blir gjort heilag.

I over to hundre år har ei lang rekkje nasjonsbyggarar konstruert, korrigert og kritisert veven av kristendom og nasjonalisme i Noreg . Korleis har dette gått til?

Sjå til 1800-talet

Som mangt anna i norsk kultur og samfunnsliv kan vi gjerne sjå til 1800-talet for å finne opphavet og potensielle forklaringar. Mellom mykje anna intellektuelt gods og nemneverdige hendingar, eskalerte ein djuptgripande ideologi og rørsle i dette hundreåret, den kristelege nasjonalismen. Denne gjorde, og gjer framleis, seg gjeldande i mange nasjonar, og Noreg var og er ikkje noko unntak.

Idear, ord og ytringar er handlingar som representerer og fordeler makt.

I boka «Kristendom og norskdom. Grundtvigianarar, folkehøgskular og kristeleg nasjonalisme i Noreg ca. 1810-1920 » undersøker eg nettopp innslaget av den kristelege nasjonalismen i Noreg. Eg tar for meg tidsrommet som strekker seg frå Napoleonskrigane på byrjinga av 1800-talet og fram til etterdønningane av første verdskrigen, altså åra kring 1920.

I mellom desse omveltande krigane vart eit arsenal av kristeleg-nasjonale symbol formulerte og formidla over det ganske land. Mange personar og institusjonar bidrog her, i både offentlege og private samanhengar. Her fanst prestar, politikarar og kunstnarar. Men særleg stod lærarar i folkehøgskular og ungdomslag fremst i frontlinjene.

Klasssebilete frå Folkehøgskulen på Romundgard, cirka 1868 - 1870, eit sentrum for kristeleg nasjonalisme. På bilete ser vi mellom andre Christopher Bruun og Andreas Austlid. Bruun var lærar og prest og kanskje den mest framtredande kristelege nasjonalisten i Noreg i perioden 1810 - 1920. Austlid var elev av Bruun.

I denne historiske konteksten var ideologiane mange og meiningane sterke. Bordet var duka for bitre ordskifte, institusjonsbygging og innfløkte alliansar: Brukte kristelege nasjonalistar religionen for å legitimere politisk makt på instrumentelt vis? Eller var det heller slik at både Gud og Jesus oppmoda alle folkeslag til å forsvare og utvikle sin respektive eigenart? Var det med andre ord heilt legitimt, eller beint fram påbode, å kombinere kristendom og norskdom?

Bibelen som inspirasjon

Med Bibelen kan det seiast at mennesket er skapt i Guds bilete, men òg at mennesket er født syndig. Dermed finst det ulike, men ikkje gjensidig utelukkande, tilnærmingar i målet om å sikre den «korrekte» relasjonen mellom individ, nasjon og Gud. Forenkla sagt fanst det to kristeleg-nasjonale oppfatningar om korleis mennesket, gruppa og guddommen skulle leve saman.

Innanfor den kristelege nasjonalismen i Noreg fanst det nemleg ei liberal tilnærming som framheva at mennesket og folket hadde i seg gode krefter som måtte utviklast her i dette livet. Samstundes fanst det ei konservativ tilnærming som understreka at alle menneske og folk måtte vende om frå sine synder, før dei kunne håpe på at Gud tildelte nasjonen krafta til å stå på eigne bein.

Kristendom og norskdom som parole.

Mange kristelege nasjonalistar var særleg inspirerte av den danske «landsfaderen» N.F.S. Grundtvig (1783-1872). I dei innhaldsrike åra kring 1814 refsa sistnemnde samtida si for avgudsdyrking. Dei nordiske folka måtte nemleg lære seg og erkjenne at berre gudsfrykt gav folkekraft.

Utover på 1800-talet, i lys av demokratiske reformer, vende den grundtvigianske merksemda seg meir til ambisjonar om å opplyse folket til å ta del i det politiske og kulturelle fellesskapet. Den humanistiske og etniske kulturen vart gjeven fundamental betydning, men gudsfrykt-argumentet falt aldri heilt ut av renninga. Dyrking av ibuande krefter, eller omvending bort frå desse, vart ei uforløyst spenning.

Diskriminerande nasjonsbygging

Langt frå alle fekk ta del i det store nasjonaldemokratiske prosjektet. Til dømes åtvara Grundtvig, då han vitja Noreg i 1851, nordmennene om å lata «Finlapper», «Skrællinger» og «fremmede Lykkefristere» få taka frå dei odelen. Såleis bidrog Grundtvig med å underbygge eit intellektuelt klima som legitimerte fornorskingspolitikk overfor etniske minoritetar – ein politisk praksis som nettopp skaut fart frå 1850-talet.

Det var nemleg helst dei kristne bøndene som vart favoriserte av dei «folkelege» og ikkje-sosialistiske nasjonsbyggarane. Grundtvig gjorde òg narr av Marcus Thrane og arbeidarrørsla hans i samband med Noregs-reisa si: «de saakaldte Arbeider-Foreninger, hvis Ledere kan hedde Maare, Traner eller Vildgiæs», som han formulerte seg på metaforisk vis. Slik vart det altså peikt ut både indre og ytre fiendar som nordmennene måtte vakte seg for.

Langt på veg vart den avgrensande, kristelege nasjonalismen allmenngjort gjennom andre halvdelen av 1800-talet. Kanskje først og fremst gjennom song, kunst og litteratur, men dermed godt synleg i jakta etter ein samlande nasjonal identitet. Både skuleverket, statsapparatet, kyrkja og mange sivile organisasjonar var viktige arenaer i denne prosessen.

Mest lest

    Nedover 1900-talet vart den kristelege nasjonalismen like fullt berre éin av fleire ideologiar som kjempa om kulturell og politisk makt. Parallelt gjorde meir sekulære tankesett seg gjeldande. Men målsettingane kunne vere slåande like i denne intellektuelle floraen: kulturelt og politisk sjølvstende for det nasjonale kollektivet.

    Tilhøvet mellom kristendom og norskdom er såleis eit av dei formative problemfelta i norsk historie, som stadig må drøftast, både i akademia og i den allmenne samfunnsdebatten.

    Morten Øveraas, førstekonservator ved Romsdalsmuseet

    Fleire nettverk drøymde òg om sterke, karismatiske leiarar som skulle halde modernitetens trugslar i tøymane. Det fanst kristelege nasjonalistar som håpte på ein slags folkevekkar; eller rett og slett den «gudevigde føraren for dette livet», som den velrenommerte læraren Andreas Austlid (1851-1926) ordla seg på byrjinga av 1910-talet.

    Vedvarande trådar

    Ytterleggåande ytringar er oftast marginale, men sentrale delar av den kristeleg-nasjonale verktøykassa vart vidareførte og brukbare i det liberale, norske (sosial)demokratiet. Her er det behov for meir refleksjon og forsking.

    Kanskje eksisterer denne kristeleg-nasjonale verktøykassa i dag som ein slags understraum med visse symbolske, nær sagt rituelle, oppkomme i det offentlege rom? Flagget og nasjonalsongane er dei mest iaugefallande uttrykka. Desse må sjåast i lys av ein intellektuell tradisjon som regjerte mange forfattarskap, embete og institusjonar på 1800- og 1900-talet, nemleg den kristelege nasjonalismen.

    Gjennom mange institusjonar og ordskifte har denne tradisjonen bidratt i utforminga av den moderne norske nasjonalstaten. Tilhøvet mellom kristendom og norskdom er såleis eit av dei formative problemfelta i norsk historie, som stadig må drøftast, både i akademia og i den allmenne samfunnsdebatten. Dette kan samstundes utvide vår forståing av internasjonale parallellar.

    Det finst eit stort konfliktpotensiale i ulike krysningar mellom kristendom og nasjonalisme, noko som verdssituasjonen av i dag viser oss, ofte på blodig vis. Kristendom og nasjonalisme er i vinden, både frå aust og vest. Den russiske kyrkjeleiaren gjev landet sitt betydning som tilbakehaldande makt overfor Antikrist. I USA kjempar maktsøkande kristelege nasjonalistar for at landet skal definerast av kristentrua. I dette landskapet bør vi hugse på at kristeleg nasjonalisme også er eit fenomen med djupe røter i Noreg.

    Idear, ord og ytringar er handlingar som representerer og fordeler makt. Vi bør handsame denne problematikken med analytisk distanse. Slik kan vi òg bidra med ny kunnskap, kritikk og nyanse overfor einsidige forteljingar og ubøyelege standpunkt i den kompliserte (verds)veven av religion og politikk.

    Vi vil gjerne høre fra deg!

    TA KONTAKT HER
    Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

    Powered by Labrador CMS