For dei yngste barna handlar lesing ikkje berre om auge og øyre, men om heile kroppen, skriv innleggsforfattaren.
(Illustrasjonsfoto: Anastasiia Shuvalova / Shutterstock / NTB
Kvifor elskar små barn bøker med pels, tenner og klaffar?
POPULÆRVITENSKAP: Interaktive bøker er ikkje berre underhaldning – dei kan vere inngangen til dei aller første leseopplevingane.
Ein liten eittåring sit med ei bok i fanget. Han opnar den same klaffen. Lukkar. Opnar igjen. Kjenner på den mjuke pelsen. Ler. Så strekkjer han boka mot den vaksne: «Meir.»
For mange vaksne kan slike bøker sjå ut som små leiker. Dei har pels, klaffar, tenner, glitter eller bevegelege delar.
Nokon spør til og med om dette eigentleg er «ordentlege bøker». Det var nettopp slike spørsmål som fekk meg til å starte forskinga mi.
Noko overraskande
Då eg byrja å undersøkje litteratur for dei aller yngste barna, oppdaga eg noko overraskande.
Det fanst mykje forsking om høgtlesing generelt, men svært lite om interaktive bøker for eitt- til treåringar. Samtidig såg eg at nettopp desse bøkene ofte var blant favorittane i småbarnsavdelingane.
I observasjonane mine såg eg at barna ikkje berre lytta til forteljinga. Dei kjende på pelsen til bjørnen, opna klaffar, flytta på mekaniske element, lét fingrane gli over glitter og prøvde om att og om att.
Dei peika, lo og inviterte den vaksne inn i samspel. Dei taktile elementa avbraut ikkje lesinga – dei var ein del av lesinga.
Utfordrar ei tradisjonell forståing av lesing
Eg såg også at ulike bøker inviterte til ulike former for deltaking. Ei bok med ein hårete bjørn fekk barna til å kjenne, klappe og klemme. Ei bok med ei sjiraff som kunne bevege hovudet skapte latter og forventning. Ei bok med tenner eller klaffar inviterte barna til å undersøkje, prøve og oppdage.
Dei fysiske elementa blei inngangar til språk, undring og samtale.
Dette utfordrar ei tradisjonell forståing av lesing. For dei yngste barna handlar lesing ikkje berre om auge og øyre, men om heile kroppen. Dei les med hendene, blikket, latteren og rørslene sine. Dei skaper meining gjennom samspelet mellom boka, den vaksne og eigne erfaringar.
Det betyr ikkje at alle bøker må ha pels eller klaffar. Gode bildebøker utan interaktive element er minst like viktige. Men interaktive bøker kan vere ein verdifull inngang til litteraturen for dei aller yngste.
Dei gir barna høve til å vere aktive deltakarar frå første stund.
Eg håpar derfor vi sluttar å spørje om bøker med pels, tenner og klaffar er «ordentlege bøker». Kanskje er det viktigare å spørje kva dei gjer mogleg.
For eittåringen som smiler når bjørnen kjem fram, eller ler når sjiraffen nikkar, kan nettopp slike bøker vere starten på eit langt og godt forhold til litteratur.
Vi vil gjerne høre fra deg!
TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne artikkelen. Eller spørsmål, ros eller kritikk? Eller tips om et viktig tema vi bør dekke?