Antonio Guterres taler fra en talerstol under Leaders' Summit COP17 i Jerevan.
Norges første naturregnskap må vise hva nedbygging av natur koster i tapt naturmangfold og arter, mener innsenderne. På bildet ønsker FNs generalsekretær, Antonio Guterres, velkommen til biomangfolds-konferansen COP17 i Jerevan.

Eit tonn CO2 er eit tonn CO2. Eit dekar natur er ikkje eit dekar natur

KRONIKK: I november får Noreg sin første naturrekneskap. Skal rekneskapen bli eit styringsverktøy på linje med klimarekneskapen, må vi også kopiere det som får klimarekneskapen til å verke.

Publisert

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

I oktober gjorde landa i verda opp status for naturavtalen på naturtoppmøtet COP17 i Jerevan i Armenia. For første gong skulle dei samla vurdere om dei er på veg mot måla om å stogge tapet av naturmangfald.

Om vi når desse måla, blir avgjort gjennom tusenvis av små avgjerder om arealbruk, i kommunestyre, direktorat og departement. Då treng dei som tek avgjerdene, tal som viser kva som faktisk skjer med naturen.

Innhaldet i rekneskapen som teller

Naturrekneskapen skal vere eit fagleg grunnlag når regjeringa jamleg fortel Stortinget korleis det står til med norsk natur. Rekneskapen skal brukast når Noreg rapporterer på internasjonale forpliktingar, som naturavtalen.

Kva eit dekar øydelagd natur betyr for artane, kjem an på kvar det ligg og kor mykje som er tapt frå før.

Tidleg neste år kjem også kommunale naturrekneskapar, som kommunane kan bruke når dei lagar arealplanar. Utbyggjarar skal kunne vise korleis prosjekta deira påverkar naturen, gjennom prosjektbaserte naturrekneskapar.

Regjeringa vil at naturpolitikken skal styrast meir systematisk, på same måte som klimapolitikken. Der er klimarekneskapen eit av dei viktigaste verktøya vi har for å følgje opp forpliktingane om utsleppskutt. Men det er ikkje rekneskapen i seg sjølv som får det til å verke. Det er innhaldet.

Artane er byggjeklossane i naturmangfaldet

Innhaldet i klimarekneskapen kviler på eit solid kunnskapsgrunnlag som det har teke over hundre år å byggje. Vi kjenner ikkje berre mekanismen. Vi bruker den også.

Svante Arrhenius sette allereie i 1896 tal på korleis CO2 påverkar klimaet på kloden. I dag er kunnskapen om korleis klimagassane varmar, bygd inn i sjølve rekneskapen.

Metan og andre klimagassar blir rekna om til same eining som CO2, etter kor mykje dei bidreg til oppvarminga. Då kan alle utslepp leggjast saman. Data og metodar er opne, og FNs klimapanel gjev alle land same oppskrift.

Naturrekneskapen byggjer på areal. Det er eit godt val, sidan arealendringar er den viktigaste årsaka til at artar går tapt. Arealet er likevel berre ramma. Innhaldet er artane. Dei er byggjeklossane i naturmangfaldet og dei gjer avgjerande arbeid for oss kvar dag: Dei pollinerer avlingane, gjer lauv og daud ved om til ny jord, og held vatnet reint.

Eit dekar er relativt

Tapte artar kan ikkje leggjast saman dekar for dekar, slik vi legg saman tonn CO2-ekvivalentar. Eit tonn CO2 bidreg like mykje til global oppvarming om det blir sleppt ut i Oslo eller i Beijing. Det bidreg også om lag like mykje i dag som i 1990.

Kva eit dekar øydelagd natur betyr for artane, kjem derimot an på kvar det ligg og kor mykje som er tapt frå før.

Kvifor er det slik? Når leveområdet minkar, minkar også bestandane. Jo mindre som er att, jo fleire artar har så små bestandar at neste inngrep kan ta dei. Difor blir kvart nytt dekar dyrare enn det førre, og store inngrep kan koste meir per dekar enn små.

Allereie i 1921 sette Olof Arrhenius, sonen til Svante, samanhengen mellom areal og tal på artar på formel. Klimarekneskapen byggjer på reknestykket til faren. Naturrekneskapen har enno ikkje teke i bruk reknestykket til sonen.

Ut frå korleis eit artssamfunn er sett saman, kan vi no også rekne ut kor mange artar vi kan vente å miste for kvart dekar som forsvinn, og kor sårbart samfunnet er. Det er ikkje like presist som klimautrekningane, men godt nok til å byggjast inn i ein rekneskap.

Vi treng heller ikkje tal for kvar einaste art. Mykje kan lesast ut av korleis bestandane fordeler seg mellom sjeldne og vanlege artar.

Politikarane avgjer, ikkje vi forskarar

Rekneskapen må rekne i tapte artar og ikkje berre i tapte dekar. Data må også delast ope, så alle kan etterprøve tala. Her har frivillige vist veg og gjort millionar av artsfunn opne for alle i Artsobservasjoner. Nye utrekningsmetodar gjer det også no mogleg å bruke slike data til å berekne artsmangfaldet i heile landet.

Eit tonn CO2 vil alltid vere eit tonn CO2. Eit dekar natur er ikkje berre eit dekar. Vi forskarar skal ikkje avgjere kor mykje natur vi byggjer ned. Det er eit politisk val, slik 1,5 grader er det for klimaet. Men valet bør takast med ein rekneskap som veit kva eit dekar kostar i tapt naturmangfald.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS