Målet kan ikkje berre vere mindre skjerm. Målet må vere at fleire barn og familiar får kvardagar det er godt å vere ein del av, skriv artikkelforfattaren.(Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)
Kva skal barnet gjere når skjermen skrus av?
KRONIKK: Mindre skjerm handlar ikkje berre om kva vi tek bort. Det handlar også om kva barnet har å gå til i staden: aktivitetar, relasjonar, meistring, tryggleik og fellesskap.
Trude ØsterbøTrudeØsterbøStipendiat ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap, HVL
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Foreldre får stadig tydelegare råd om å avgrense skjermbruk hos barn og unge, følgje med på kva dei gjer på skjermen og passe på at skjermen ikkje går ut over søvn, aktivitet og sosialt samvær. Det er gode råd, og foreldre har eit viktig ansvar for å setje grenser.
Men når skjermen skal av, står eitt spørsmål att:
Kva skal barnet gjere?
Gode råd møter ein heilt vanleg tysdag
Dei fleste foreldre kjenner nok att avstanden mellom det vi veit er bra, og det vi faktisk får til ein heilt vanleg tysdag. Ein kan ha bestemt seg for mindre skjerm, meir aktivitet og meir tid saman, men så blir middagen sein, nokon er slitne, leksene skal gjerast, arbeidsdagen sit framleis litt i kroppen, og den aktiviteten ein hadde tenkt å få til, fell bort. Då kan skjermen bli ståande på litt lenger enn planlagt.
Vi skal vere litt varsame med ein skjermdebatt som først og fremst fortel foreldre alt dei burde ha gjort annleis.
Det treng ikkje bety at foreldra ikkje veit betre eller ikkje bryr seg. Nokre gonger betyr det ganske enkelt at kvardagen blei slik.
Difor trur eg vi skal vere litt varsame med ein skjermdebatt som først og fremst fortel foreldre alt dei burde ha gjort annleis. Foreldre har ansvar for å setje grenser, men kva som er mogeleg å få til i kvardagen, varierer frå familie til familie.
Forsking gir gode grunnar til å ta omfattande og uheldig skjermbruk på alvor. Når skjermbruk går ut over søvn, fysisk aktivitet, læring, sosialt samvær eller andre viktige delar av livet, kan det vere knytt til negative konsekvensar.
Barn og unge treng derfor grenser, og dei nasjonale råda om skjermbruk er viktige.1
Nyare forsking viser samanhengar i begge retningar: meir skjermbruk kan vere knytt til seinare emosjonelle og åtferdsmessige vanskar, samtidig som barn som allereie strevar på slike område, kan bruke meir skjerm over tid.2
Å forstå kvifor eit barn søkjer mot skjermen, er ikkje det same som å bagatellisere risikoen. Det kan tvert imot hjelpe oss å setje meir treffsikre grenser.
Difor bør vi spørje om meir enn timar: Kva gjer barnet på skjermen? Kva får barnet der? Og kva blir det mindre plass til?
Når skjermen fyller noko meir
Ein ungdom som spelar mykje, kan trenge tydelegare grenser. Samtidig kan det vere ein ungdom som opplever lite meistring på skulen, men får det til i eit spel, eller ein ungdom som har vener på nettet når det sosiale livet elles er vanskeleg.
I det pågåande forskingsarbeidet møter eg foreldre som fortel at skjermen kan få stor plass når barnet ikkje har det godt, særleg når det sosiale livet er lite eller vanskeleg. Det har gjort meg meir oppteken av kva skjermen fyller i barnet sitt liv – ikkje berre kor mykje skjermen blir brukt.
Annonse
Dersom vi ønskjer mindre skjermbruk, må vi derfor også sjå på kva aktivitetar og fellesskap barnet faktisk har tilgang til. Mange barn finn glede og tilhøyrsle i fritidsaktivitetar. Men deltaking er ikkje alltid det same som å høyre til.
Det er ikkje nødvendigvis nok å melde eit barn på fotball; barnet må også kjenne at det har ein plass på laget. Det er ikkje nok at det finst ein fritidsklubb; nokon må merke at ungdommen kjem inn døra.
Dei gode vala må vere moglege
Oppvekstmeldinga peikar på sosiale forskjellar i deltaking, mellom anna knytte til økonomi og geografisk tilgang.3 Det betyr at ikkje alle barn har dei same moglegheitene når skjermen blir lagt bort. For barn vel ikkje mellom skjerm og ingenting. Dei vel mellom dei aktivitetane, relasjonane og moglegheitene som faktisk finst i livet deira.
Foreldre kan ta mobilen ut av soverommet og avgrense gaming, men dei kan ikkje aleine skape vennskap, tilhøyrsle eller gode møteplassar. Difor treng vi både foreldreansvar og samfunnsansvar.
Ein dugnad for det vi vil ha meir av
Difor ønskjer eg meg ikkje først og fremst ein dugnad mot skjermen. Eg ønskjer meg ein dugnad for det vi vil ha meir av. For aktivitet, søvn, leik, gode samtalar og møteplassar. For vaksne som har tid til å sjå. Og for fellesskap som faktisk får fleire med.
Kanskje er ikkje den viktigaste testen på om vi har lukkast at eit barn bruker seksti minutt mindre på skjermen. Kanskje er det kva som skjer med dei seksti minutta. At barnet finn noko det likar. Noko det meistrar. Nokon å vere saman med. Ein stad der nokon legg merke til om dei kjem.
Annonse
Her høyrer eg til.
For målet kan ikkje berre vere mindre skjerm. Målet må vere at fleire barn og familiar får kvardagar det er godt å vere ein del av.
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?