Forskinga om arealbruk i Norge er oppsplitta, så vi veit lite om effektane arealbruk har på naturen som heilskap. Det er forska mest på enkeltartar, medan færre har studert korleis plante- og dyresamfunn eller heile økosystem blir påverka av summen av vegar, kraftliner, hyttefelt og andre menneskelege naturinngrep.(Foto: Gorm Kallestad / NTB)
Forskingsrådet bør prioritere heilskapleg forsking på konsekvensar av arealbruk
KRONIKK: Det finst lite forsking om korleis arealbruken vår påverkar naturen som heilskap og om korleis vi kan fremme berekraftig arealbruk.
KyrreGrovenSeniorforskar, Vestlandsforsking
Erlend B.NilsenSeniorforskar, NINA og professor, Nord universitet
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Arealbruksendringar
utgjer det største trugsmålet mot naturmangfaldet og spelar ei nøkkelrolle med omsyn til klimaendringar, både som årsak til klimagassutslepp og som mogleg løysing
på problemet.
To kunnskapsoppsummeringar viser at vi veit for lite om korleis
arealbruksendringar verkar på naturen, og om korleis vi kan innrette arealbruken
for å løyse den kombinerte klima- og naturkrisa.
Forskingsrådet kan rette på
denne situasjonen ved å prioritere langsiktige, tverrvitskaplege forskingsprogram
om effektane arealbruken vår har på heile økosystem over store geografiske
område, og om korleis vi kan få til grunnleggande endringar av styringssystemet
for arealbruk.
To
ferske kunnskapsoppsummeringar
I 2022
lyste Forskingsrådet ut midlar til kunnskapsoppsummering for å få oversikt over
forskingsbasert kunnskap om samanhengar mellom arealbruk og arealbruksendringar
i Norge og effektar på og utfordringar for naturmangfald, økosystemtenester,
klimatilpassing, karbonopptak og ‑lagring.
Systematiske kunnskapsoppsummeringar kan bidra til at framtidige forskingsmidlar blir investert der kunnskapsbehovet og samfunnsnytta er størst.
Forskingsrådet valde å gi same
oppdraget til to tilbydarar, Norsk institutt for naturforskning (NINA) og
Vestlandsforsking. Arbeida blir no publisert som rapportar og presentert på
Arendalsuka.
Ved begge
institutta har vi laga søkestrategiar i tråd med oppdraget og gått gjennom
store mengder forskingslitteratur. Dei to rapportane har noko ulik fagleg
profil, men konkluderer likt med omsyn til to sentrale funn:
For det første er
kunnskapsproduksjonen om effektane av arealbruk på naturmangfald og klima ofte
for nærsynt; det er for få studiar som undersøker slike effektar på heile
plante- og dyresamfunn eller heile økosystem,
store landskap eller heile landet under eitt. For det andre finst det få systematiske
studiar av korleis omstilling av samfunnet kan leie til berekraftig bruk av areal,
for eksempel gjennom lovendringar.
På same måte som vi forvaltar areala på ein
fragmentert måte, er også kunnskapsproduksjonen om arealforvaltninga oppsplitta.
Det er lite forsking om effektane arealbruk har på naturen som heilskap. Det er
forska mest på enkeltartar, medan færre har studert korleis plante- og
dyresamfunn eller heile økosystem blir påverka av summen av vegar, kraftliner,
hyttefelt og andre menneskelege naturinngrep.
Fleirtalet av publikasjonane vi
har sett på, har dessutan avgrensa geografisk utbreiing; dei nyttar data berre
frå enkelte lokale eller regionale område. Vidare er det eit problem at
kunnskapen om effektar av arealbruk i stor grad stammar frå studiar med korte
tidsseriar, medan vi treng å sjå på dei lange linjene for å få sikrare kunnskap.
Det manglar også større prosjekt som nyttar kontrollerte eksperiment med stor
geografisk målestokk.
Korleis får vi snudd arealbruken i berekraftig
retning?
Den samfunnsvitskaplege litteraturen om
samanhengar mellom areal, naturmangfald og klima ser sjeldan heile samfunnet på
tvers av sektorgrenser, noko som bidrar til det fragmenterte kunnskapsbildet vi
også ser i dei naturvitskaplege arbeida.
Det finst ein del forskingslitteratur
med forslag til verktøy som planleggarar, utbyggarar og politikarar kan nytte for
å gjere arealbruken meir berekraftig. Slike hjelpemiddel kjem sjeldan lenger
enn til utviklings- og caseforsøksstadiet. Eit viktigare kunnskapshol på dette
feltet kjem likevel av at det finst for få analysar av samfunnsomformande
prosessar som må til for å snu arealbruken i ein berekraftig retning.
Annonse
Nye
prinsipp og reglar for arealforvaltning er døme på slikt som det trengst meir
forsking om.
Forskingsrådet sit med nøkkelen
Norge er
forplikta til å ta vare på natur og klima gjennom internasjonale avtalar, og
det er behov for ein retta forskingsinnsats for å kunne gjere dette på ein
effektiv og kunnskapsbasert måte. Systematiske kunnskapsoppsummeringar kan bidra
til at framtidige forskingsmidlar blir investert der kunnskapsbehovet og
samfunnsnytta er størst.
Derfor er det viktig at Forskingsrådet har bestilt
desse arbeida. Forskingsrådet sit sjølv med nøkkelen til å rette på nokre av
kunnskapsmanglane vi peikar på. Det krev ei meir samordna koordinering av
forskingsinnsatsen og utlysingar som er retta mot utfordringane vi har funne.
Dei to kunnskapsoppsummeringane er lenka til lenger oppe i teksten. Dei kan også lesast på
heimesidene til NINA og Vestlandsforsking. Oppsummeringane er også utgangspunkt for eit av
arrangementa under Arendalsuka: Kva veit vi om samanhengane mellom arealbruk,
naturmangfald og klima?
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?