Kan ein påstå at budsjettkaoset vitnar om svakt politisk leiarskap frå Ap? Eg meiner det, seier Svein Erik Tuastad.

Budsjettkrisa varslar ein større kamp

KRONIKK: Ap trudde forhandlingane med MDG var eit vaksenopplæringsprosjekt. Det var å gjere opp rekning utan vert.

Publisert

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Mange trur samanbrotet på venstresida no handlar om at MDG og SV ikkje skjønar seg på budsjettforhandlingar. Men budsjettkrisa er ein forsmak på den store kampen om oljelandets framtid.

Reknestykket går ikkje opp

Det siste halve året har alle som har følgt godt med i norsk politikk visst at denne vanskelege budsjettveka ville komme. Tre ultimatum kunne skape trøbbel og regjeringskrise. Det første gjaldt Senterpartiet og EØS. Men dette vart løyst då Støre sa at regjeringa ikkje ville innføre energidirektiv i perioden. 

Så var det SV og den ganske håplause lovnaden til leiar Kirsti Bergstø om oljefondet, Gaza og fullt uttrekk frå israelske selskap – ei utillateleg politisering av eit seriøst fond. Stortinget har no vedtatt at slik politisering ikkje skal skje og dermed er også denne saka i realiteten ferdigbehandla. At SV lagar omkamp om dette, seier mest om SV. SV ser no ut til å ha ei leiing som jamvel står til venstre for Rødt. 

Dette er ikkje eit ekstremt aktivistpåfunn, men vedtatt politikk i dette landet.

Den siste «vinn eller forsvinn»-saka gjeld MDG og oljepolitikken. Dette er nøtta dei enno ikkje har klart å knekke. Det er det gode grunnar til, for reknestykket går ikkje opp: Ap og Sp vil noko anna enn MDG og SV. 

Ap har analysert MDG feil

Kan ein då, gitt vanskane, likevel påstå at budsjettkaoset vitnar om svakt politisk leiarskap frå Ap? Eg meiner det. For det første har partileiinga i Ap analysert MDG heilt feil, og det er dette som no straffar seg. For det andre verkar det som om Ap og Sp manglar svar på spørsmål som MDG faktisk har god grunn til å stille.

La meg starte med det første. Ap-leiinga har satsa alt på å blidgjere Senterpartiet – for det er jo dette partiet som i mange saker kan skifte side til den andre politiske banehalvdelen. Der vil SV, Rødt og MDG nesten aldri ha noko å hente. 

SV ser no ut til å ha ei leiing som jamvel står til venstre for Rødt, skriv Tuastad.

Men realiteten er jo at EØS-ultimatumet frå Senterpartiet, den vanskelege saka utanom olje, er kvittert ut. Difor burde det handla om å forstå MDG rett meir enn å blidgjere Vedum og co i alle saker. Ap-forhandlarane har svikta grovt slik dei to Nettavisen-journalistane Jørgen Gilbrant og Steinar Suvatne fortel om nært og tett på i podcasten Gilbrant/Suvatne: Ap trudde det var eit slags vaksenopplæringsprosjekt. Dei enda bokstavleg tala med å gjere opp rekning utan vert. 

Reint logisk hadde Ap-forhandlarane rett. MDG ville jo ikkje ha noko å hente hjå Listhaug. Og det er ikkje noko fleirtal for MDG-politikken. Så tenkte dei at eit knippe miljøfanatikarar må realitetsorienterast. Dei må ikkje komme her og tru dei kan setje bom på milliardinntekter og 140.000 arbeidsplassar berre fordi dei ikkje likar olje. Så ja, MDG ville måtte gje seg, dei kan jo ikkje bidra til å setje inn Listhaug. 

Og her var det altså Ap bomma. For MDG vil ikkje godta å vere del av eit lag som ikkje endrar retninga i oljepolitikken, koste kva det koste vil. Eigentleg er det faktisk ganske logisk all den tid dette er eit moralsk samvitsspørsmål for MDG-arane. Då nyttar det ikkje å forelese for dei om konsekvensetikk. Å støtte opp om klimapolitikk i feil retning er noko dei rett og slett ikkje kan vere med på. 

Men kva då med innhaldet i sjølve saka – om oljelandets framtid? Er MDG ein gjeng grønskollingar i dobbelt forstand eller har dei faktisk eit poeng? 

Dette er ikkje MDG-fanatisme, men klåre, eintydige tilrådingar frå regjeringa sitt eige oppnemnte utval med landets fremste ekspertar, skriv Tuastad.

MDG følgjer regjeringas eigen politikk

Eg ser det slik: Også Ap lyt før eller sidan ta inn over seg nokre realitetar som same kva vil tvinge seg fram i klimapolitikken. Noreg har vedtatt ei klimalov, innført i 2018. I denne står det at vi skal bli eit lågutslepp-samfunn i 2050. Dette er altså ikkje eit ekstremt aktivistpåfunn, men vedtatt politikk i dette landet. 

Og korleis kjem vi dit då? For å svare på dette har vi hatt eit klimautval beståande av landets fremste ekspertise. 

I rapporten deira (NOU 2023: 25) vert det eintydig konstatert at for å nå 2050-målet er petroleumspolitikken nøkkelen. Det er ingen veg utanom ein gradvis, men ikkje dramatisk utfasing. Dette er ikkje MDG-fanatisme, men klåre, eintydige tilrådingar frå regjeringa sitt eige oppnemnte utval med landets fremste ekspertar.

Difor bør Støre, Hermstad og Vedum snakke saman i denne veka. Det må skje avsondra og i tillit. Så må dei spørje seg: Vil vi samarbeide framover? Eller skal denne stortingsperioden vere uføreseieleg for oss alle og med stadige harde interne kampar under fullt medieflomlys? Kan vi finne eit felles mål om vi ser oljepolitikken på lenger sikt og utan at vi tar hastige avgjerder no?

Kan vere mindre dramatisk enn mange trur

Saka er at eit ganske opplagt kompromiss då peikar seg ut. Ap og Sp må lytte til det einstemmige klimautvalet. Dei må ta inn over seg at tida er over for massiv utbygging av komplett nye felt med planlagt oppstart på produksjon ganske nær det tidspunktet både Noreg og EU skal slutte med olje og gass. Så må MDG og SV på si side ikkje vere mot all leiting og ny produksjon der det alt er såkalla etablert infrastruktur (i modne felt). 

På den måten kan vi nærme oss det lågutsleppsamfunnet som vi altså har vedtatt i Noreg at vi skal ha: Det står i lova. 

Konsekvensane kan vere mindre dramatiske enn mange trur. Oljenæringa sjølv er tidvis meir realitetsorienterte enn kva fleire av våre leiande politikarar er. 

(Kronikken blei fyrst publisert på abc nyheter)

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS