Frass er ei blanding av insektbæsj, insekthud og restar av det larvene har ete. Og i frasset ligg det eit stort potensiale.(Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)
Kvifor snakkar ingen om insektbæsjen?
KRONIKK: For meg er det fasinerande å sjå kor mykje potensiale som ligg i det alle andre kallar for avfall.
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Jobben min er å forska på skadeinsekt i
fruktdyrking – å finna ut kven som et på epla og plommene, og korleis me kan unngå
eller avgrensa skadane. Men dei siste åra har eg også brukt tid på ei heilt
anna side av insektverda: å dyrka fram proteinrike larver til fôr og undersøkja
om restproduktet deira kan gjerast om til gjødsel.
Halvparten av
historia manglar
Når media skriv om oppdrett
av insektlarver, handlar det nesten alltid om proteininnhald og fiskefôr. Larver
av svart soldatfluge eller mjølbille kan innehalda opp mot femti prosent
protein, og dei kan fôrast opp på organisk avfall. Det
er ei god historie: me tek noko me elles kastar, og gjer det om til verdifullt
fiskefôr. Sirkulær økonomi, seier alle.
Kanskje er det på tide at fleire byrjar å snakka om insektbæsjen.
Men sirkelen er ikkje lukka.
For når larvene er hausta, sit produsenten
att med eit anna restprodukt – ei blanding av insektbæsj, insekthud og restar
av det larvene har ete. Dette vert kalla frass. Utan at frasset vert teke i
bruk, er ikkje insektoppdrett den sirkulære industrien me liker å tru det er. I
frasset ligg det også eit stort potensiale.
Kva inneheld eigentleg frass?
Frass er ikkje berre avfall. Det er eit
organisk materiale som inneheld nitrogen, fosfor og kalium – dei same
grunnstoffa som finst i vanleg kunstgjødsel. Men frasset inneheld òg noko meir:
kitin frå insekthuda og levande mikroorganismar.
Det gjer frasset interessant på fleire
måtar. Det kan fungera som gjødsel for plantene ved å tilføra næring til jorda.
Det kan verka som jordforbetringsmiddel ved å betra jordstrukturen. Og det kan
ha ein plantestyrkande effekt ved å stimulera plantene si motstandskraft mot
stress. Både skadelege insekt, bakteriar og soppar stressar plantene, det gjer
også tørke og flaum.
Ved NIBIO har me gjort fleire forsøk der
me har testa frass frå larver av svart soldatfluge og mjølbille på norske
vekstar.
I eit forsøk med jordbær testa me ulike
konsentrasjonar av frass, frå svært låge til relativt høge mengder. Resultata
var tydelege: plantene vaks betre når dei fekk frass, men berre opp til eit
visst nivå.
Ved dei høgaste konsentrasjonane vaks dei dårleg, og rotutviklinga
vart påverka negativt. Det tyder på at frass har ein reell gjødseleffekt, men
at dosering er viktig.
I eit anna forsøk testa me frass på
krysantemum. Her var resultata endå tydelegare. Plantene som fekk frass vart
kraftigare, dei utvikla fleire sidegreiner og fleire blomeknoppar.
Det mest
slåande funnet var at plantene utan frass ikkje hadde ein einaste open blome då
forsøket vart avslutta – medan dei som hadde fått frass, blomstra. Frasset ser
altså ut til å påverka sjølve utviklingstida til planta, ikkje berre kor stor
ho vert. Dette er spennande funn.
Bakteriar i frasset og kitin frå insekthuda
kan stimulera bakteriane som allereie finst i jorda, og desse kan igjen styrkja
plantene sitt naturlege forsvar. Det er enno mykje me ikkje veit om dei
nøyaktige mekanismane, men biletet som teiknar seg, er at frass kan ha fleire
positive verknadar enn me først trudde.
Hindringane er reelle
Annonse
Det er ikkje berre mangel på kunnskap og
begrensa produksjon som gjer at frasset vert lite nytta. Regelverket for bruk
av insektfrass som gjødsel er framleis under utvikling, både i Noreg og i EU.
Produsentane møter uklare krav, og marknaden er umogen.
For at frass skal kunna
seljast og brukast i stort omfang, må industrien klara å produsera store nok
volum av eit standardisert og stabilt produkt som marknaden stolar på og vil
betala for. Og skal ein få store nok volum må regelverket for kva larvene kan
eta endrast.
For meg (...) er det fasinerande å sjå kor mykje potensiale som ligg i det alle andre kallar for avfall.
Det er fullt mogleg å løysa desse
utfordringane, men det krev prioritering, både når det gjeld forsking og
utvikling av tilpassa regelverk.
Sirkelen må lukkast
Insektindustrien vert stadig framheva som
ei av løysingane på verdas veksande matutfordringar. Det kan ho vera. Men då må
me ta heile sirkelen på alvor – ikkje berre den delen som gir oss protein til
fôr.
Frasset er ein ressurs me ikkje har råd
til å kasta. Og for meg, som forskar på insekt i ein heilt annan samanheng, er
det fasinerande å sjå kor mykje potensiale som ligg i det alle andre kallar for
avfall.
Kanskje er det på tide at fleire byrjar å
snakka om insektbæsjen.
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?