Oversiktsbilde av industriområdet på Gromstul i Skien med store bygg, veier og skogkledde åser.
Eit stort inngrep i naturen: Det nye gigantiske og mykje omtalte datasenteret til Google (i bakgrunnen), på Gromstul i Skien kommune.

Regjeringa vil gjere det vanskelegare å seie nei til slike prosjekt. Det er ein dårleg idé

KRONIKK: Utbyggingsprosjekt har som oftast konsekvensar for naturmangfald og klima. Desse kjem betre fram i lyset når statsforvaltaren kan sei nei til planane om utbygging. Likevel foreslår regjeringa å innskrenke moglegheit til å reise motsegn.

Publisert

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Kvar dag får norske kommunar inn nye forslag om å bygge ned natur eller matjord for å gi plass til vegar, hyttefelt, datasenter, kraftliner eller anna. Kommunane må vurdere ulemper mot fordelar og korleis utbyggjarane sine ønske passar med planane til kommunen.

Offentlege etatar kan sjå kommunen i korta og fremme motsegn, til dømes fordi dei vurderer kunnskapsgrunnlaget om konsekvensane som svakt, eller fordi dei er usamd i vurderingane av kva konsekvensar naturnedbyggingane vil gi.

Betre planer, men likevel nedbygging

I ein studie der vi såg på utbyggingssaker på Vestlandet, kjem det fram at slike ekstrarundar etter pålegg frå overordna instansar, som oftast gir betre planar for å vareta samfunnet sine interesser.

Både vår eigen studie og tidlegare forsking får fram viktige manglar ved systemet vi har for å gje politikarane eit grunnlag å handle på.

Vi analyserte planar og intervjua planleggarane for å få svar på om betre innblikk i konsekvensane for natur og klima kunne føre til endring av planar og vedtak, eller om argumenta om arbeidsplassar og økonomisk utvikling uansett overstyrer omsynet til miljø.

Planprosessane vi har undersøkt, gjeld landbasert oppdrett på Averøya, utbygging av eit marint deltaområde i Surnadal, eit steinbrot i Bremanger, utviding av reiselivsdestinasjonen Eidfjord Resort, E39 i Sandnes og vindkraft i kommunane Bjerkreim og Gjesdal.

Det korte svaret var at betre kunnskap om konsekvensane førte til endring i planane ved at utbyggar måtte ta meir omsyn til natur og klima, men at det i dei fleste tilfella blei naturnedbygging likevel.

Usemje om konsekvensane

Plan- og bygningslova krev at planar om utbygging som kan «få vesentlige virkninger for miljø og samfunn» skal konsekvensutgreiast mellom anna for naturmangfald, økosystemtenester, klimagassutslepp og ei rad andre miljøforhold.

Innvendingane som statsforvaltarane eller andre offentlege etatar hadde til konsekvensutgreiinga (KU) gjaldt særleg korleis utbyggingane ville slå ut for naturverdiane.

Usemja handla om at KU-forskrifta ikkje var følgt godt nok, at utbyggjarane berre hadde sett på følgjer av visse utbyggingsalternativ eller at dei ikkje hadde kartlagt konsekvensar for heile planområdet. Ofte var ikkje kunnskapsgrunnlaget oppdatert, og vurderingane av konsekvensar mangla dokumentasjon eller grunngjeving.

I enkelte tilfelle gjekk ikkje konsekvensane for natur og miljø godt nok fram av sakspapira til politikarane. Alvorleg var det også at konsekvensutgreiingane mangla vurdering av den samla belastninga på økosystemet, eit brot på paragraf 10 i naturmangfaldslova.

Vi er ikkje dei einaste som har konkludert på denne måten. Analysar gjort av Menon, Sweco og Multiconsult har vist mykje av det same.

KU er ikkje nøytral

Både vår eigen studie og tidlegare forsking får fram viktige manglar ved systemet vi har for å gje politikarane eit grunnlag å handle på. Sjølv om konsekvensutgreiingar i arealsaker gir seg ut for å vere ei nøytral framstilling av fordelar og ulemper ved ei utbygging, er dei noko anna. Ofte blir dei heller eit partsinnlegg påverka av utbyggjaren.

Dette påpeiker  også Det internasjonale naturpanelet (Ipbes): Metodane for verdivurdering av natur er ikkje nøytrale. Dei blir påverka av maktforhold i samfunnet. Det får igjen følgjer for kva naturverdiar samfunnet anerkjenner og kor rettferdig vi fordeler fordelar og byrder av avgjerder om areal.

Likevel foreslår no regjeringa å frata statsforvaltar retten til motsegn i saker om utbygging av kraft og straumnettet. Hensikten er raskare energiutbygging. Då nedprioriterer regjeringa natur- og miljøomsyn.

Tvilsame positive effektar

I konsekvensutgreiinga av ei utbygging skal også positive effektar av utbygging bereknast og vurderast. Nye arbeidsplassar og lokal økonomisk utvikling utgjer ofte den positive delen av reknestykket.

I fem av dei seks utbyggingssakene Vestlandsforsking undersøkte, fekk departementet det siste ordet i godkjenning av planane.

Vi fann at utbygginga sin effekt på sysselsetting og økonomisk utvikling ofte er overvurdert, svakt grunngitt og, ikkje sjeldan, basert på utbyggar sine eigne estimat.

Kort sagt: Utbyggjarane hadde undervurdert ulempene ved naturnedbygginga, og overvurdert fordelane.

Resultatet blir at politikarane risikerer å mangle full oversikt over følgjer og ta avgjerder på sviktande grunnlag. I fem av dei seks utbyggingssakene Vestlandsforsking undersøkte, fekk departementet det siste ordet i godkjenning av planane.

I dei fleste sakene gav departementet si støtte til kommunen, som hadde lagt vekt på svakt dokumenterte plusseffektar for sysselsetting og verdiskaping.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

 

Powered by Labrador CMS