Edelkrepsen er eit flott dyr som har ei viktig rolle i økosystema i mange norske elvar og innsjøar.(Foto: David Strand / Veterinærinstituttet)
Vi kan enno redde den norske krepsen, men har ingen tid å miste
KRONIKK:Uvettig flytting av ferskvasskreps med ein dødeleg parasittsjukdom har nesten utrydda den svenske krepsebestanden. No kan vi få svenske tilstandar også i Noreg.
David StrandDavidStrandDavid StrandForsker, Veterinærinstituttet
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Veterinærinstituttet jobbar tett saman med
Mattilsynet, Miljødirektoratet og Norsk institutt for naturforsking for å berge
det som no er ein av dei siste levekraftige bestandane av lokal kreps i heile
Europa.
Men framtida til den norske krepsen er uviss fordi ulovleg flytting av
signalkreps, ein art som er importert frå Nord-Amerika, fører til meir sjukdom.
Mattilsynet, fleire offentlege etatar og mange privatpersonar gjer det dei kan
for å stoppe denne utviklinga. Heldigvis kan vi enno redde den norske krepsen,
men vi har ingen tid å miste.
Enno ikkje for seint
Europeiske og amerikanske kreps har utvikla
seg på kvart sitt kontinent i mange millionar år. På denne lange tida har dyra
tilpassa seg ulike parasittar og sjukdomar.
Hos amerikansk kreps, både
signalkreps og andre artar, er det vanleg med ein overflatisk infeksjon i
skalet med ein parasitt av typen eggsporesopp. Hos dei amerikanske krepsane blir
parasitten kapsla inn i skalet og viser seg berre som små, svarte flekkar.
Her leiter Marit Måsøy Andersen og David Strand frå Veterinærinstituttet etter miljøDNA. Til det treng dei ei batteridriven pumpe, eit filter og nokre meter gummislange.(Foto: David Strand / Veterinærinstituttet))
Men hos europeisk kreps, som den svenske og
norske edelkrepsen, vil immunforsvaret ikkje greie å stogge sjukdomen. Her blir
parasitten aggressiv, eter seg innover i skalet og vidare inn i kroppen til muskulatur
og nervevev.
Blir smitte introdusert til eit norsk vassdrag vil all krepsen kunne
døy i løpet av kort tid. Sjukdomen har difor fått det kledelege namnet
krepsepest.
Annonse
Slik spreidde pesten seg
Korleis hamna vi i denne situasjonen? I
Europa har vi fem ulike artar av ferskvasskreps, alle frå den same familien, og
alle sårbare for pesten frå vest. Dei første smitta krepsane blei truleg
importerte frå Amerika allereie for 150 år sidan. Spreiing av eggsporesoppen førte
til ein dramatisk dødelegheit av dei lokale artane over heile Europa, og pesten
nådde Sverige allereie i 1907.
Det var eit hardt slag, for svenskar er ekstra
glade i kreps og krepselag. Som eit botemiddel for den reduserte fangsten
bestemte dei seg på 1960-talet for å få opp bestanden ved å importere tilsynelatande
frisk, nordamerikansk signalkreps.
Men dei amerikanske dyra var ikkje immune
mot pesten, tvert om var dei friske bærarar av smitten. I tillegg hadde dei med
seg ein ny og enno meir aggressiv variant av eggsporesoppen.
Svenske tilstandar – og kva vi kan lære av dei
I byrjinga såg alt bra ut, fangstane gjekk
opp og signalkreps vart eksportert frå Sverige til Finland og fleire andre
europeiske land. Men parasitten følgde med på lasset og frekvensen av
krepsepestutbrott økte drastisk. Sjukdom har med tida teke livet av 97 prosent
av dei opphavelege svenske edelkrepsane, og «svenske tilstandar» spreidde seg vidare
til resten av Europa.
Marit Måsøy Amundsen og David Strand i Driva gjør undersøkelser med miljø-DNA. Etter filtrering av vatnet kan vi bruke partiklane som er samla opp til å leite etter DNA frå både kreps og krepsepest.(Foto: Trude Vrålstad / Veterinærinstituttet))
I Noreg har vi heile tida hatt forbod mot utsett av
signalkreps, men smitten har likevel kome inn frå aust. Sidan 1971 har pesten herja
i fleire vassdrag inn mot svenskegrensa, med størst problem i Glåma (1987) og
Haldenvassdraget (1989).
Mattilsynet trudde først at sjukdom på vår
side av grensa kunne skuldast flytting av båtar eller fiskeutstyr. Så vart det
oppdaga signalkreps i Øymarksjøen i Østfold i 2008. Med stadig nye påvisingar
av signalkreps og krepsepest var det tydeleg at det også her i Noreg er folk
som trur dei kan gjere naturen ei teneste med å flytte og sette ut signalkreps.
Annonse
Men når opptil 86 prosent av signalkrepsane er smitta med eggsporesopp er slik
flytting i praksis ein dødsdom for den lokale edelkrepsen.
Betre metodar
Alle levande vesen slepp frå seg litt
arvestoff, eller DNA, til miljøet. Med det som blir kalla miljøDNA-metodar er
det mogleg å leite etter svært små spor av slikt DNA i luft, jord eller vatn.
Krepsane
legg heile tida frå seg DNA i vatnet, til dømes i avføringa eller i restar av
celler frå skalskiftet. Eggsporesoppen, som veks i skalet eller inne i kroppen
til krepsen, spreier seg i vatn ved å sende ut tusenvis av symjande sporar. Dei
er ørsmå, berre ein tiandedels millimeter store, men med meir enn nok DNA til å
identifisere parasitten.
Aphanomyces astaci er ein eggsporesopp, ein soppliknande parasittær organisme i slekt med algar. Bilete teken med scanning elektronmikroskop viser sopptrådar (hyfer) og ei samling av typiske, kulerunde sporar.(Foto: Jannicke Wiik-Nielsen)
Veterinærinstituttet har over fleire år jobba
med å lage nye og betre testar som kan påvise DNA frå både kreps og parasitt i
dei same vassprøvane. Å leite etter soppsporar eller cellerestar frå kreps i
vassprøvar frå ein innsjø eller ei stor elv som Glomma er om lag like lett som
å finne nåla i høystakken. Og det er akkurat det vi gjer i det årlege
overvakingsprogrammet som blei starta opp i 2016 .
Ved å filtrere fem liter
vatn på kvar prøvestasjon og reinse ut alt DNA-materialet er det faktisk mogleg
å finne ei enkelt soppspore eller krepsecelle. Vi kan til og med avsløre kor
mykje smitte det er i vatnet og kva slags type kreps som lever der.
Kva må gjerast no
Det norske overvakingsprogrammet viste i 2024
at krepsepesten framleis er på frammarsj, men at vi enno har mange gode
bestandar av norsk edelkreps. Det skal vi vere glade for, kreps er altetande
dyr som har ei svært viktig rolle i sine økosystem. Og sjølv om signalkreps
ikkje døyr av krepsepest går dei ofte ei uviss framtid i møte.
Annonse
I Sverige har de
sett ein dramatisk kollaps i bestandane i nesten helvta av innsjøane, 12 til 20
år etter at dei første signalkrepsane vart sette ut. Dette er ein skjebne dei
deler med mange andre typar invaderande dyreartar. Årsaka er truleg akkurat det
at dei er nye, og difor ikkje er naturleg tilpassa den nye levestaden.
Vi veit kva som står på spel og vi har alle
dei reiskapane vi treng for å hindre svenske tilstandar i norske vassdrag. Alle
som ferdast i eller nær elvar og innsjøar med smitte må vere nøye med å
desinfisere alt utstyr før dei tek det vidare. Men det aller viktigaste vi kan
gjere er å stoppe den ulovlege flyttinga av signalkreps.
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?