Dess fleire norske forskarar som engasjerer seg direkte, med opne auge og kritisk sans, dess betre rusta er vi til å navigere i ei verd der Kina spelar ei avgjerande rolle, skriv innleggsforfattaren.

«For ei glede det er, når vener kjem langvegsifrå» — Forskarar bør engasjere seg meir med Kina

KRONIKK: Det er vanskeleg å kalle nokon fienden din etter at du har site i eit forelesingsrom med dei, diskutert felles problem og oppdaga at dei vil høyre om deg, skriv forskar Marius Korsnes.

Publisert

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

For nokre år sidan stod eg på ein energikonferanse i Oslo. Vi var fire paneldeltakarar som diskuterte kraftkablar, straumprisar og klimakrisa. Mot slutten, då vi fekk eit siste ord kvar, sa ein av dei andre deltakarane, heilt uoppfordra: 

«Vi må ikkje gløyme at det er Kina som er fienden vår her.»

Eg vart tatt på senga. Kva hadde Kina med kraftkabeltilknyting å gjere? Eg gjekk bort og snakka med henne etterpå. Det kom fram ei rekkje stereotypiar: Kinesarar er ikkje til å stole på, Kina vil utnytte oss, og so vidare. 

Eg var overraska, men også uroleg. Representerer dette noko mange i Noreg tenkjer?

Ein debatt som gjekk i vår

Tidlegare i år fremja FrPar Simen Velle forslag om å bryte alt forskingssamarbeid med land Noreg ikkje har tryggingspolitisk samarbeid med. I praksis Kina, Russland, Nord-Korea og Iran. 

No er det visumfri innreise til Kina i inntil 30 dagar for norske statsborgarar. Eg oppmodar kollegaer til å ta turen.

I ein Dagsnytt 18-debatt i mars møtte han ein staseleg pynta NTNU-rektor, Tor Grande, som kort tid etter leidde ein delegasjon til nettopp Tsinghua og tre andre leiande kinesiske universitet.

Grande sitt argument var klart: Kina er verdsleiande på ei rekkje felt som er avgjerande for tryggleik og grøn omstilling. Å avslutte samarbeidet ville gjere norske forskarar og institusjonar mindre relevante, ikkje tryggare. Og som han påpeikte: det aller meste av norsk forsking er allereie open og offentleg tilgjengeleg.

Velle sitt svar var like klart, og eg vil seie: avslørande: 

«Jeg tviler på at veldig mange mennesker kommer til å forsøke å løse klimakrisa, hvis det er Kina som står i førersetet for det.»

Det er eit interessant utsegn. For det handlar ikkje lenger berre om tryggleik – det handlar om kven som får lov til å leie. Det er ein posisjon som faktisk kan gjere klimakrisa vanskelegare å løyse, og som minner meg om utsegnet frå energikonferansen i Oslo.

Ein staseleg pynta NTNU-rektor, Tor Grande, i Dagsnytt 18-debatt.

Polarisering i akademia

Debatten om Kina-samarbeid lever ikkje berre på Stortinget. Min kollega ved NTNU, professor George Chabert, skreiv nyleg ein kronikk om internasjonalisering og Kina som fekk mange kommentarar. 

Diskusjonen som oppstod illustrerte noko viktig: det er lett å gli inn i to låste posisjonar – anten at alt samarbeid er naivt og farleg, eller at all vestleg kritikk er propaganda. Begge posisjonar har det til felles at dei ikkje krev noko av deg. Og begge gjer det vanskelegare å forstå kva som faktisk skjer.

Eg er samd i Chabert sitt poeng om at mistenkeleggjering ikkje er vegen å gå. Eg vil også legge til at det å byggje tillit krev ein viss grad av sårbarheit. Tillit vert ikkje til gjennom avstand og mistru, men gjennom møte, felles arbeid og vilje til å forstå, også når det er krevjande. Ein kan alltid bli lurt, men det gjeld uavhengig av kva land motparten kjem ifrå.

Målet må vere å finne ein gjennomtenkt politikk som skil mellom reell tryggingsrisiko og verdifull, open forsking.

Kina-ekspertar som min NTNU-kollega professor Katja Levy er tydelege: full fråkopling er ikkje noko alternativ

Gunnar Sivertsen ved NIFU har påpeika noko interessant: tryggingstenestene kommuniserer i for stor grad med akademia gjennom sensasjonsoppslag i pressa, i staden for direkte dialog med forskarane sjølve. Institusjonane reagerer med å diskriminere på grunnlag av statsborgerskap—for å vere på den sikre sida.

Det eg møter her er ikkje ansiktslause representantar for eit autoritært system. Det er vanlege menneske som forskar på liknande tema, som er nysgjerrige på Noreg, som vil forstå korleis andre samfunn løyser problem dei sjølve står i

Konsekvensane av den norske debatten er allereie synlege i akademia. Eg har fleire kinesiske kollegaer ved NTNU som er misnøgde med den aukande mistenksamgjeringa, og som opplever at kompetansen deira vert undervurdert i eit klima prega av tryggingspolitisk retorikk.

Engasjement krev nærleik

Akkurat no er eg i Beijing på eit gjesteforskarbesøk ved Tsinghua. Eg forskar for tida på matsystem og berekraft, og samarbeidet med kinesiske kollegaer er ein føresetnad for den forskinga.

Det eg møter her er ikkje ansiktslause representantar for eit autoritært system. Det er vanlege menneske som forskar på liknande tema, som er nysgjerrige på Noreg, som vil forstå korleis andre samfunn løyser problem dei sjølve står i. Det er slik kunnskap vert til: gjennom møte, nysgjerrigheit og vilje til å lære i begge retningar.

Frå eit samfunnsvitskapleg perspektiv er dette grunnleggjande: kunnskap om sosial verkelegheit vert til gjennom praksis og tilstadevær, ikkje frå avstand. «Vi»- og «dei» retorikkar vert fort skarpe, og kan lett brukast som politisk mynt.

Det tyder ikkje at ein skal vere ukritisk, eller at det finnast enkle svar. Brot på menneskerettar har blitt dokumentert i Kina. Det er ikkje noko ein kan eller bør sjå vekk ifrå. Men ein kan ta menneskerettsbrot på alvor og samstundes engasjere seg med kinesiske forskarar og samfunn.

Djupare engasjement er ein føresetnad for å forstå kva som faktisk skjer, sjølv om det ikkje alltid er enkelt eller behageleg. Eg har sjølv opplevd situasjonar der eg ikkje visste korleis eg skulle handtere det. Isolasjon gir likevel ikkje kunnskap. Det gir berre meir rom for stereotypiar, som den eg møtte på energikonferansen i Oslo.

Reis dit

No er det visumfri innreise til Kina i inntil 30 dagar for norske statsborgarar. Terskelen for å reise har aldri vore lågare. Eg oppmodar kollegaer til å ta turen.

Ta med deg det kritiske blikket. Les deg opp på historie og kultur. Ver medviten om tryggleik. Men reis. For det er vanskeleg å kalle nokon fienden din etter at du har site i eit forelesingsrom med dei, diskutert felles problem og oppdaga at dei vil høyre om deg.

Kina er ikkje éi einsidig sanning. Det er eit land med 1,4 milliardar menneske, lang historie og ein enorm kapasitet til å overraske

Kina er ikkje éi einsidig sanning. Det er eit land med 1,4 milliardar menneske, lang historie og ein enorm kapasitet til å overraske. Dess fleire norske forskarar som engasjerer seg direkte, med opne auge og kritisk sans, dess betre rusta er vi til å navigere i ei verd der Kina spelar ei avgjerande rolle.

Også når det gjeld å løyse klimakrisa.

Som Konfusius sa i Analektane, eit ordtak eg ofte høyrer frå kinesiske kollegaer og vener her i Beijing: 有朋自遠方來,不亦樂乎 – «For ei glede det er, når vener kjem langvegsifrå!»

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?



Powered by Labrador CMS