Vintersiden på en primstav fra Seljord i Telemark. Denne er avtegnet av Hans Jacob Willes i boken «Sillejords beskrivelse» fra 1876. Her ser du hjulet, merket med «7».

Karimesse: Kari hadde aldri rokkehjul

KRONIKK: Vi heier på alle som spinn, og det er rom for fleire merkedagar for tekstilinteresserte. Men korleis kom rokken inn i denne soga – og kva for ein rokk var det?

Publisert

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Svært mange julebøker har med referansar til «Primstaven», med meir eller mindre gode skildringar av kva dei ulike merka symboliserer. Mange folkloristar og kulturhistorikarar har også interessert seg for primstavar og kva merke som er skorne inn på desse, og populærlitteraturen om emnet er stor og variert. 

Sams for mange, er at dei sjeldan har brydd seg med å si kven dei bygger tolkingane sine på, og det er liten tvil om at dei fleste berre har skrivi av det andre har publisert før dei. 

Karimesse den 25. november er ein katolsk minnedag for St. Katharina av Alexandria. I nyare litteratur blir Kari ofte omtala som «Kari med rokken». Med dagens digitale tilgang til eldre norsk litteratur er det enklare å finne dei eldste skriftlege kjeldene til «Kari med rokken».

Når Wille legg til at Kari med rokken skulle spinne lysveiker til jul, er vi overtydde om at ho brukte ein handtein og ikkje ein hjulrokk til dette.

Ei feilslutting frå 1786

Det eldste treffet på bokyhylla.no er Hans Jacob Wille: Beskrivelse over Sillejords Præstegield i Øvre Tellemarken i Norge frå 1786. Han skreiv:

«d. 25 Nov Kari Vaskar eller Kari med Rokken. Hun spinder Lysveger (Liose-Rakir) til Juul. Er det den Dag klart Veir, bliver der smukke Julelys. (s. 240)»

I skildringa frå Seljord har Wille også med ei teikning av ein primstav, der den 25. november er markert med eit hjul. Opphavet til hjulet som symbol for Katharina er frå legendene om henne. 

Ho vart dømd til dauden for å ha omvend mange til kristen tru, men englar redda henne då ho skulle rivast i filler mellom fire hjul med piggar. I staden vart ho avretta ved halshogging.[1]

Frå presten Wille går det ei rak line inn i all julelitteraturen om at «folk» tolka hjulet på primstaven som eit rokkehjul. Men kor utbreidd var eigentleg hjulet som symbol for 25. november? 

I Kaare Hovinds avteikningar av 500 primstavar i norske museum, er det dei færraste som har eit hjul som symbol denne dagen. Tvert i mot dominerer det Audun Dybdahl har tolka som sverd, spyd eller liljer.

To teknologiar med lite overlapp

Korleis kom så rokken inn, om det ikkje var overføring frå eit hjul på primstaven? 

Wille skreiv om primstavane at sjølv om almanakken var komen i alminneleg bruk, var det framleis nokre i Øvre Telemark som bruka primstav, og dei fleste kjende dag og merke på han (s. 237). Primstavbruken var altså på veg ut i eit så tradisjonsbunde og avsides område som Seljord i siste del av 1700-talet. 

Og korleis var det med rokken? Jo, rokken, slik vi kjenner han i dag, med stort hjul og snelle med vingespindel som går rundt – han var ei nyvinning i norske bygder på den tida. Vel var teknologien kjend ute i Europa, og det er dokumentert rokkmakarar i Norge på 15- og 1600-talet, men like fullt er få hjulrokkar daterte tidlegare enn 1800.[2] 

Ut frå det blir 1700-talet rekna som eit hundreår for innføring av hjulrokken, altså samstundes med at primstav gjekk ut av bruk. Kor truleg er det da at det er ein hjulrokk på einskilde primstavar?

Handtein og rokk, ikkje rokkehjul

Vi trur heller det er andre primstavmerke enn hjulet som har knytt Kari til rokken. På tida da primstavane framleis var i bruk var rokken ein trekjepp, gjerne rikt dekorert, som råmaterialet vart vikla opp på, og så vart fibrane trekt over til ein tein i rotasjon. 

Da hjulrokken kom i bruk, gjekk ikkje handteinen ut av bruk. Han heldt seg fordi han er lett å ta med seg og fordi det er lettare å kontrollere garnkvaliteten enn på ein hjulrokk.

Reidskapen som vart kalla rokk attåt handteinen var ofte skoren fint til og dekorert. Ei teikning av ein slik rokk kunne lett sjå ut som eit sverd, nett som merket på dei fleste primstavane. Når Wille legg til at Kari med rokken skulle spinne lysveiker til jul, er vi overtydde om at ho brukte ein handtein og ikkje ein hjulrokk til dette.

Kjelder:

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS