Demokratiteorien og integrasjonsperspektivet til Habermas vert ofte oppfatta som mangelfullt fordi det er for harmonisk med omsyn til maktkritikk. Men kritikken kan tidvis vere mangelfull, ifølge kronikkforfattaren.

Habermas blei ukul i akademia. Han må gjenreisast og forenklast

KRONIKK: I den vakre formuleringa til Habermas: «Det moderne løftet om menneskeleg frigjering er ennå eit prosjekt vi ikkje har fullført. »No kan ikkje Habermas hjelpe oss til det lenger. Vi må sjølv føre prosjektet vidare.

Publisert

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

For eit par år sidan melde eg meg på eit ope seminar på eit anna institutt ved universitetet vårt her i Stavanger. Temaet var om medieutvikling og politisk diskusjon. Innleiaren, invitert frå eit anna nordisk land, hadde nettopp publisert eit par artiklar som slo godt an, og som eg las. 

Men teoribruken overraska meg. Og jo lenger tid det no gjekk der eg sat, jo meir tenkte eg at intuisjonen min hadde vore rimeleg med omsyn til det det eg oppfatta som klåre teoretiske brestar.

Habermas var heilt ut

Eg tok dette opp på ein vennleg måte, vil eg meine, eg påpeika mellom anna korleis nokre av perspektiva til Habermas kunne utfylle materialet. Og her kjem poenget eg vil fram til: 

Habermas og dei teoretiske innsiktene hans må brukast!

Dei neste innlegga frå eit par av stipendiatane let det skine veldig klårt igjennom at Habermas, han var jo heilt ut. Så nikka dei andre; dei var samstemte. Sjølv fekk eg ei kjensle som liknar den somme av romankarakterane til Dag Solstad kunne få.

Etterpå tok eg det opp med fleire som delte den same oppfatninga. På ein stor norsk akademisk mediekonferanse like etter at den siste boka til Habermas kom ut om offentlegheitsteori, var også tonen lik – den gamle mannen og teoriane hans hadde utspela si rolle.

Habermas må brukast

Eg hadde jo sett det innanfor profesjonsutdanningane også, der eg sjølv arbeider mest. Ph.d.-avhandlingane om til dømes barnevernstematikk – poststrukturalistisk diskursteori ala Foucault: superpopulært. Habermas: aldri.

Himmel og hav, har eg tenkt. Det skulle jo vore omvendt.

Den amerikanske samfunnsteoretikaren John F. Forester formulerte for nokre år sidan eit poeng og som eg over tid har opplevd som stadig meir treffande. Habermas og dei teoretiske innsiktene hans må brukast! Kommunikasjonsteorien er ei rik og svært produktiv analytisk tilnærming for å skjøne meir av sosial samhandling.

Til dømes er det som svært mange profesjonsutøvarar driv med, å bruke kommunikasjonsprosessar for å få ei felles forståing i lag med brukaren av kva som skal gjerast. Det er jo dette Habermas viser oss – korleis vi gjennom så å seie å kvile oss i språket, kan bli «dytta» mot felles forståing.

Kva må til?

Rettnok er dei største bidraga til Habermas også i høgste grad metateoretiske og krevjande. Skal du lese eit hovudverk av Habermas, må du setje av meir tid enn par dagar, for å seie det slik. Men svaret på det, må jo vere å forenkle dei viktige innsiktene til Habermas slik at dei kan brukast.

Kva er det som må til for at vi skal skjøne kvarandre? Kva skjer når kommunikasjonen bryt saman? Kvifor vert nokon inkluderte i dei politiske prosessane med sine synspunkt – andre ikkje?

Etter at eg tenkte at dette bør vi gjere noko med, tok eg sjølv nyleg initiativ til eit nytt doktorgradskurs. Tanken er å vise korleis Habermas, teorien om kommunikativ makt forutan kritikken mot denne, kan og bør brukast ikkje berre innanfor disiplinfaga, men også for alle som forskar på profesjonsutøving.

To store mistydingar

Her er ikkje tida og staden for å gå inn på breidda i bidraga frå Habermas. Men to ting vil eg nemne fordi eg opplever at dei ofte vert misforstått. Det eine gjeld det som mange kjenner til – ideen om tvangsfri samtale og krafta i det beste argument. Dette er eit ideal! Det er ikkje ein påstand om at all diskusjon, all TV-debatt og all politikarstrid følgjer den ideelle standarden. Ofte er det jo tvert imot – strategisk handling finst.

Men vi må jo vere medvitne om korleis ein opplysande debatt bør gå føre seg for å ha ein standard som vi kan vurdere utviklingstrekka vi ser i dag opp mot. Sjeldan har vel dette vore viktigare enn i dag, då leiaren for verdas sterkaste statsmakt prøver å bryte ned nettopp denne standarden.

Kommunikasjonsteorien er ei rik og svært produktiv analytisk tilnærming for å skjøne meir av sosial samhandling.

Og så: Demokratiteorien og integrasjonsperspektivet til Habermas vert ofte oppfatta som mangelfullt fordi det er for harmonisk med omsyn til maktkritikk. Men også her kan kritikken tidvis vere mangelfull.

For det ligg eit stort maktkritisk potensial nettopp i å påvise kva som sviktar når demokrati, politikk og samfunn ikkje er inkluderande. I den vakre formuleringa til Habermas: Det moderne løftet om menneskeleg frigjering er ennå eit prosjekt vi ikkje har fullført.

No kan ikkje Habermas hjelpe oss til det lenger. Vi må sjølv føre prosjektet vidare.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS